Smitteverntiltak i kyrkja

Her kan du lesa om gjeldande smittevernreglar i kyrkja.

Etter 16. juni kan det vera 200 til stades under offentlege arrangement. I Knarvik kyrkje kan vi no vere 135 personar til stades.  I Alversund og Seim kyrkje er grensa framleis ca. 35 personar og i Lygra kyrkje kan ein vere 44 personar, i tillegg til medverkande. På dei fleste arrangement vil det vere fleire frå same husstand, då vil det vere plass til nokre fleire.

Vi kan bruke salmebøker, viss dei får ligge ubrukt i minst eitt døgn etterpå. Det er opna for å servere kyrkjekaffi.

Personar som kan vera korona-sjuke, har symptom på luftvegsinfeksjon eller er i karantene kan ikkje delta på gudstenester eller andre samlingar i kyrkja. Unngå handhelsing, klemming og unødig fysisk kontakt. Unngå også så langt som råd unødig kontakt med felles inventar og utstyr.

Vi må føre liste med namn og telefonnummer på dei som er til stades for å kunne bistå i ev. smittesporing. Bruk antibac om du skriv deg sjølv på liste. Listene vert makulerte etter 10 dagar.

Framleis må vi halde avstand, minst 1 meter frå skulder til skulder mellom husstandar. I Knarvik kyrkje betyr det at det skal vera to ledige stolar mellom husstandar for å ivareta smittevernet. I Alversund, Seim og Lygra kyrkje vert annakvar benk nytta. Det er antibac ved inngang og ulike stader i kyrkjene. Les meir i lenkja "Smittevern i kyrkja." 

Velkommen til kyrkja!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"