Konfirmasjon

Kvart år vel mange 14-15 åringar å bli konfirmerte i kyrkja, og alle er velkomne. Konfirmasjonstida handlar om å få tid til å undra seg, utforska og erfara kva den kristne trua er. Om livet ditt og spørsmåla dine. Vi håpar og trur at du kan få læra meir om Gud og deg sjølv. Du er invitert til å bli med på ei spennande reise fram til den høgtidlege konfirmasjonsdagen i mai.

Konfirmasjonstida skal fremje opplevinga av eigenverd og leggje til rette for at konfirmantane kan sjå seg som skapte, elska, frelste og haldne oppe ved Guds kjærleik. Konfirmantane skal arbeide med eiga tru og undring gjennom samtale og refleksjon. Dei unge skal kjenne til og få høve til å delta i ulike former for tru i praksis som gir kunnskap og trusopplevingar.

Gjennom konfirmasjonstida skal det leggjast til rette for at konfirmantane kan bli kjende med og delta i det som skjer i kyrkja.

I konfirmasjonstida snakkar vi om nestekjærleik og om nåde - slik Gud viser nåde mot oss, skal vi vise nåde mot kvarandre - vi er alle skapt i Gud sitt bilde.

For å bli konfirmert, må du vera døypt. Er du ikkje er døypt, kan du følgje konfirmantundervisninga og bli døypt i løpet av konfirmantåret.

Du kan lesa om konfirmasjon og om tidlegare konfirmantar sine erfaringar på kyrkja.no/konfirmasjon