Bilrebus 21. februar - DEL 2

Ny bilrebus! Nok ein gong arrangerer Meland kyrkje bilrebus. Bli med sundag 21. februar!

Fekk du ikkje med deg bilrebusen i januar? Eller var du med, og har gledd deg til neste? Denne sundagen arrangerer vi Del 2, med mange nye plassar å finne. Vi kan garantere uventa og spanande oppgåver, kanskje noko du aldri har gjort før?

Alt er likevel trygt og godt både for små og store, unge og gamle, dette skal berre vere kjekt! Som sist treng du ein bil eller nokon å køyre saman med. Rebusen skjer i gudstenestetid frå ca. kl.11:00, og varar ca. 2 timar. Alle som melder seg på, får tilsendt eit oppgåveark med vidare instruksjonar på mail.

NB: Påmelding skjer ved å klikke på lenken du finn nederst. Her legg du inn namn på alle i bilen, epost-adresse vi kan sende instruksjonar til, og eit mobilnummer. Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med Bjørn Tore (sjå kontaktinfo under).

Vi gler oss, og vonar du også blir med. Her er alle like velkomne! Det er også veldig kjekt om du vil invitere med andre :)

Pris: Kr.50,- pr. bil. (dette går til litt mat på slutten m.m.)

Betal på Vipps 54016 ved påmelding. Merk med: Bilrebus 21/2.

NB: Påmeldingsfrist er fredag 19. februar kl.14:00.

Kontaktinformasjon for Meland sokn

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Epost: 

post.meland@kyrkja.no 

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Vi er ofte tilgjengeleg utanom trefftidene også!

Telefon: 4000 1691 (man-fre 10.00-14.00)

Beredskap: 4000 7410

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"