Vel møtt til gudsteneste i Frekhaug senter 25. april kl.11:00 med nattverd, Løvegjeng og band

Denne gangen blir det ei glad-gudsteneste med band og mykje fin musikk! Også denne sundagen blir gudstenesta i vårt flotte sentrums-lokale (der sporstbutikken var før). Løvegjeng blir det også.

Litt om gudstenesta

Andreas Westermoen er pianist, og han har med seg folk både på bass og gitar. Bjørn Tore Sæle er prest.

Det blir Løvegjeng, løva kjem, og deira samling blir på Møteplassen under leiing av Håkon Kinsarvik.

Vi oppmodar generelt til bruk av munnbind, og særskilt når det er nattverd, då avstanden fort kan bli for liten når vi bevegar oss i lokalet.

Takkofferet går til kyrkjelydsarbeidet.

Etter gudstenesta kan ein stoppe opp for ein utandørs kyrkjekaffi med medbrakt kaffi / te og krus.

Tema i preiketeksten er kjærleik.

Vi ser fram til godt fellesskap og ei fin glad-gudsteneste med flott sang!

Litt praktisk om påmeldinga. NB: Frist laurdag kl.16:00.

- Alle som vil delta, må melde seg på via lenka nedanfor.

- Alle som melder seg på, gjer det samla som kohort. Altså: Kjem du åleine, meld deg på åleine. Kjem du saman med andre du er i kohort med, meld alle på samtidig. Dette gjer at vi får nytta plassen på beste måte.

- I utgangspunktet stengjer påmeldinga ved 60 personar. Dette er ca. så mange vi får plass til dersom det kjem mange kohortar med få personar i kvar kohort. Dersom påmeldinga er stengt når du vil melde deg på, send då ein SMS til 45035084 med namn på kven du ønskjer skal vere med. Dersom det viser seg at vi får plass til fleire enn 60, får du melding om dette på SMS. Når du kjem til gudstenesta, vil ein frå staben eller gudstenestalget tilvise din plass.

Ved spørsmål: Ring Bjørn Tore Sæle på mobil 45035084.

Nedanfor finn du ein video med hjelp til påmeldinga.

VEL MØTT!

Kontaktinformasjon for Meland sokn

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Epost: 

post.meland@kyrkja.no 

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Vi er ofte tilgjengeleg utanom trefftidene også!

Telefon: 4000 1691 (man-fre 10.00-14.00)

Beredskap: 4000 7410

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"