Vedtekter for gravplassane i Alver kommune (forskrift)

Vedtatt av Alver kyrkjelege fellesråd 25.mars 2020. Godkjent av Bjørgvin bispedømeråd 07. mai 2020. I kraft frå 08. mai 2020. Jf. lov av 7.juni 1996 nr. 32 om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravferdslova) § 21 (1)

§ 1 FORVALTNING

Gravplassane i Alver kommune er underlagt Alver kyrkjelege fellesråd sitt administrasjons- og myndigheitsområde.

§ 2. DEFINISJONER

  • Gravplassforvaltning:
    Alver kyrkjeleg fellesråd under utøving av forvaltningsansvaret sitt for gravplassane i Alvermkommune, jf. gravferdslova med forskrifter.
  • Fri grav:
    Grav som gravplassforvaltninga har tildelt ein avdød person frå kommunen, og som det ikkje blir betalt festeavgift for i fredingstida.
  • Festa grav:
    Grav som blir festa mot betaling av avgift.
  • Festa gravstad:
    Fleire kistegraver som er festa saman.
  • Urnegrav:
    Grav til askeurne med plass til fire urner, jf. gravferdsforskrifta § 14. Dette gjeld ikkje § 11 Namna minnelund, kor det med urnegrav blir sikta til grav med plass til éi urne.
  • Kistegrav:
    Grav som er i samsvar med forskrifta sine krav til storleik for gravlegging av kister. I ei kistegrav kan det også gravleggjast urner.
  • Fredingstid:
    Tidsrom frå siste gravlegging til grava kan takast i bruk igjen til ny gravlegging.
  • Festetid:
    Tida det er avtala å feste ei grav for.
  • Ansvarleg for grav:
    Den som er ansvarleg for ei fri grav.
  • Festar:
    Den som står som part i ein festeavtale.
  • Anonym minnelund:
    Gravfelt for anonyme graver. Feltet kan ha eit felles minnesmerke utan opplysningar om kven som er gravlagt.
  • Namna minnelund:
    Gravfelt med felles minnesmerke med namn og data på dei som er gravlagde der.
  • Avdøde personar i kommunen:
    Personar som er folkeregisterført i kommunen ved dødsfall.

§ 3. FERDSEL PÅ GRAVPLASSANE

Besøkande skal om mogeleg ferdast gåande, jf. gravferdsforskrifta § 9 (2). Gravplassforvaltninga kan etter søknad gi løyve til å køyre ved dokumentert sjukdom/ rørslehemming. All køyring skal skje særleg omsynsfullt.

§ 4. GRAVPLASSTILHØYRSLE

Avdøde personar i kommunen kan gravleggjast på den gravplassen ein ønsker såframt det er ledig plass. Dei har rett til fri grav så framt grava blir tilvist.

Avdøde personar som på grunn av alvorleg sjukdom/opphald på sjukeheim eller tilsvarande har budd i ein annan kommune mot slutten av livet, blir medrekna på same måte som kommunens eigne innbyggjarar, og har rett til fri grav så framt grava blir tilvist.

§ 5. FREDINGSTID

Fredingstid for kistegraver er 20 år.
Fredingstid for urnegraver er 20 år.
Gravplassforvaltninga kan vedta lengre fredingstid for enkelte graver.

§ 6. FESTE AV GRAV

Når kistegrav skal takast i bruk er det høve til å feste ei grav ved sida av. Etter søknad til gravplassforvaltninga kan ein feste for ei ekstra grav i tillegg når behovet tilseier det. Desse gravene utgjer då éin gravstad.

Ved bruk av særskilt urnegrav kan det ikkje bli festa grav ved sida av.
Ved feste av grav ved sida av den kistegrava som blir tatt i bruk, er festetida 20 år.

Når festetida er ute, kan gravstaden bli festa for nye 5 år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje bli fornya utan etter særleg samtykkje frå gravplassforvaltninga.

I god tid før festetida er ute skal festaren bli varsla. Er ikkje festet blitt fornya innan seks månader etter forfall, fell grava eller gravstaden tilbake til gravplassen.

Innbetalt festeavgift blir berre betalt tilbake dersom tilbakebetaling følgjer av bindande rettsregler eller det ligg føre særlege grunnar.

Ingen kan bli gravlagt i festa gravstad utan festaren sitt samtykkje. Dersom det ikkje er råd å hente inn samtykkje frå den ansvarlege eller festaren til bruk av festa grav, kan gravplassforvaltninga ta avgjersle om gravlegging.

§ 7. GRAV OG GRAVMINNE

Ved opning av grav kan jord bli lagt på omkringliggande graver og gravutstyr kan verta mellombels flytta. Gravplassforvaltninga sørgjer for istandsetting igjen, og vil også sjå til at grava blir planert og tilsådd med gras etter gravlegging.

Montering av gravminne kan først skje etter at gravplassforvaltninga har godkjent gravminnet og merka staden der det skal stå. Det kan ikkje bli sett opp tidlegare enn 6 månader etter gravlegging av kiste.

Gravminne på urnegrav kan bli sett opp med ein gong etter urnenedsetting. Så lenge ein ventar på gravminne sørgjer gravplassforvaltninga for eit merke med avdøde sitt namn på.

På nyfesta gravstad skal gravminnet plasserast i bakkant av den grava som er tatt i bruk, og blir ståande der for godt. Eksisterande gravplassar kan følgje etablerte rutinar.

§ 8. PLANTEFELT

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgde med bakken omkring. Det må ikkje vere breiare enn gravminnet si breidde, men kan i alle tilfelle vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lengre fram enn 60 cm, målt frå gravminnet sin bakkant. Det kan ikkje plantast vekstar som overstig gravminnet si høgd eller går utover plantefeltet.

Lykter og liknande som er plassert i plantefeltet må forankrast/sikrast mot å velte eller blåse bort frå grava. Det er ikkje høve til å plassere mindre lause gjenstandar som kan skape problem for vedlikehald av gravplassen i plantefeltet eller i tilknyting til grava.

Det er høve til å tenne stearinlys og oljelampe på grava, så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern. Stearinlys, oljelamper og andre lause dekorgjenstandar skal fjernast etter bruk.

Det er høve til å ramme inn plantefelt med delt steinkant eller bedplate som fluktar med terrenget omkring. Bedplate og fundament for gravminne skal ikkje henge saman.

Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.

Det er ikkje høve til å ramme inn grava med hekk eller døde materiale.

§ 9. PLANTEMATERIALE

Planter, kransar og liknande materiale som blir nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, skal fullt ut vere kompostérbare.

§ 10. STELL AV GRAV

Kvar ansvarleg for frigrav eller gravfestar har rett og plikt til å stelle den grava vedkomande har ansvaret for. Plantefelt som ikkje blir tilplanta eller stelt skal såast til av den ansvarlege eller bli sådd til av gravplassforvaltninga.

Ansvarleg for grav eller festar pliktar å halde gravminnet sikra og i forsvarleg stand.

Ansvarleg for grav eller festar kan gjere avtale om at kyrkjelege fellesråd, og den som får løyve til det etter § 13 i desse vedtektene, kan utføre planting og stell av grav, samt montering, sikring og vedlikehald av gravminnet. Slik avtale fritek ikkje den ansvarlege eller festar frå det ansvaret dei har etter reglane som til ei kvar tid gjeld.

§ 11. NAMNA MINNELUND

Ved gravlegging i namna minnelund skal namn og data til avdøde førast på ei namneplate på felles minnesmerke.
Graver i namna minnelund kan bli festa på lik linje med andre graver på gravplassen.

I namna minnelund kan det bli festa ei grav attmed. Dette gjeld også urnegrav. Ved feste av grav attmed skal det betalast festeavgift frå tidspunktet då den første grava blir tatt i bruk. Ved feste av grav attmed i namna minnelund vil ikkje gravene nødvendigvis kome attmed kvarandre, men namneplatene.

Ved gravlegging i namna minnelund må det betalast for kostnader til namneplate og del av minnesmerke, tilplanting og stell.

Gravplassforvaltninga har ansvaret for felles tilplanting og stell i minnelunden. Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt for grav i minnelund. Det kan leggast ned blomar og tennast gravlys så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern, på ein stad tilvist av gravplassforvaltninga.

§ 12. NÆRINGSVERKSEMD

Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på gravplassen skal hente inn løyve frå gravplassforvaltninga. Løyvet kan kallast tilbake dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld.

Slik verksemd kan berre omfatte montering, sikring og vedlikehald av gravminne og tilplanting og stell av graver.

§ 13. ARBEID PÅ GRAVPLASSANE

Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje på kvardagar i arbeidstida (kl. 07:00-17:00) og må ikkje utførast på søndagar, heilagdagar eller offentlege høgtidsdagar. Ikkje noko arbeid på gravplassen må vere til sjenanse for seremoniar eller rituelle handlingar på gravplass eller i bygning på gravplass. Næringsdrivande kan berre køyre på gravplassen i den grad det er nødvendig for å utføre arbeidet. Slik køyring skal skje ekstra omsynsfullt.

§ 14. DISPENSASJON FRÅ VEDTEKTENE

Gravplassforvaltninga kan i særlege tilfelle og innanfor ramma av gravferdslov og gjeldande forskrifter fråvike vedtektene.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"