Velkomen til dåp

Vil du la barnet ditt bli døypt? Eller vil du bli døypt sjølv? Dåpen er eit teikn på Guds kjærleik til alle menneske, og ei gåve som vi kan få ta imot, uansett tidspunktet i livet. Barn, unge og vaksne er alle like velkomne til dåp.

Jesus oppfordrar til dåp, og i Bibelen blir dåpen samanlikna med eit bad som fornyar og gjev nytt liv. Dåp er fest og glede. Ved dåp av barn kan glede oss over livet og det underet som barnet er. Barna er skapte og elska av Gud, kvar og ein unike. Det er trygt å kunna legga det i Guds hender og vita at Gud tek i mot dei. I dåpen blir vi fødde på nytt til eit liv saman med Gud. Den døypte blir ein del av Guds store familie – den verdsvide kyrkja. Den som blir døypt, blir også medlem i Den norske kyrkja.

I bibelteksten ein les i dåpsliturgien, seier Jesus: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.» (Matteusevangeliet kapittel 28, vers 18-20).

Viss de ønskjer dåp i Alversund, Knarvik, Seim eller Lygra kyrkje, kan de melde dåp her på heimesida.

I skjemaet kan de velje sokn, kyrkje og dato for dåp. Alversund, Knarvik, Seim og Lygra kyrkje høyrer til Knarvik sokn. Det er berre dei gudstenestene der det er mogeleg å ha dåp som står på lista.

Viss de ønskjer dåp i ei anna kyrkje, må de ta kontakt pr. telefon eller e-post.

Fyll ut informasjon om barn og foreldre. Viss de ikkje har fått personnummer til barnet, kan de legge inn personnummer til ein av foreldra og endre det seinare.

Viss det er bestemt kven som skal vere fadrar, kan de legge dei inn.

Ein fadder må ha fylt 15 år og vere medlem i Den norske kyrkja. Medlemmar av andre kyrkjesamfunn kan vere fadrar så lenge dei aksepterer barnedåpen. Minst to av fadrane må vere til stades ved dåpshandlinga.

Det er ikkje nødvendig å registrere all informasjon med ein gong. De kan logge inn seinare og fylle ut resten. Men de må legge inn personnummer til barn og minst ein av foreldra for at påmeldinga skal verte godkjend. De må også fylle ut telefonnummer og/eller e-postadresse slik at vi kan ta kontakt.

Når påmeldinga er sendt inn, får de ein automatisk e-post som stadfesting. I tillegg sender vi e-post eller SMS så snart vi kan. Til dei som bur i Knarvik sokn sender vi informasjonsbrosjyre i posten.

Før dåpen skal de ha samtale med presten. Det skjer ofte i veka før dåpen. Presten tek kontakt og avtalar tidspunkt.

Viss de får problem med påmeldinga, kan de bestille dåp pr. telefon eller e-post.

Kan ikkje laste video uten samtykke for bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.