Temakveldar for par

Temakveldar for par! Ei hjelp til alle par som vil gjere parforholdet endå betre!

Temakveldar for par

Våren 2021 inviterer vi par til temakveldar om korleis ein kan ta vare på og utvikle parforholdet. Gode foredragshaldarar vil undervise om ulike tema som dei fleste par vil kjenne seg igjen i, både utifrå nyare forsking og eigen erfaring. Vi ønskjer alle par velkommen, både dei som har vore gift/sambuarar i årevis og dei som nyleg har blitt kjærastar!

Det blir påmelding til kvar einskild samling grunna smittevern. Samlingane skal vera i kantina på rådhuset på Frekhaug den siste onsdagen kvar månad. Under står datoar og litt info om tema. Kvar samling blir frå kl 19-21. Ved koronarestriksjonar blir det digitale samlingar kl 20.00-22.00 i staden.

Tema:

  • Innføring i boka "Hemmelighetene bak et lykkelig parforhold - syv nøkler fra verdens fremste samlivsforsker". Boka er skrive av forskaren John Gottman og Nan Silver.
  • 24.02: Ulike faser i forholdet. Kva verdiar ønskjer ein at skal gje retning til dei prioriteringar og val som kjem i dei ulike fasene i eit forhold: byggjefasen, barneoppdragingsfasen og tosomheitsfasen.
  • 24.03: Å løyse konfliktar. Om å byggje eit forhold prega av forsoning, tilgjeving og openheit.
  • 28.04: Ulike roller og mønster. Korleis kan ein utfylle kvarandre på ein god måte? Menn for seg og kvinner for seg. Høve til samtale og erfaringsutveksling.
  • 26.05: Kjærleikens fem språk. Korleis kan ein glede kvarandre og vise at ein elskar kvarandre på ein måte som den andre verkeleg forstår?

Kurset skjer i samarbeid med Familiefokus - Ungdom i oppdrags familiearbeid. Heile kurset kostar kr. 100,- per person. Deltek ein berre på nokre av kveldane betalar ein kr. 20,- per person per kveld. Det vil også bli kollekt til Familiefokus ein eller fleire av kveldane. Det blir påmelding til kvar einskild kveld, og ein kan delta på så mange ein vil. Alle arrangement vil foregå innan dei til eikvar tid gjeldande retningslinjene ifht koronapandemien og vi må ta forbehold om endringar utifrå det.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"