Gjevartenesta i Meland kyrkjelyd

Du kan støtte arbeidet i Meland kyrkjelyd ved å bli fast gjevar. Skattemessig gunstig for deg og kyrkjelyden!

Viss du vil melde deg på gjevartenesta: Klikk her for å melde deg på nettet og med bank-ID. Ditt bidrag er med på å gje alle eit godt tilbod i kyrkja vår. 

Gjevartenesta vår gjorde det mellom anna enklare for bispedømerådet å gje løyving på 70 % av spesialprest Håkon Kinsarvik i 2019. Soknerådet finansierer 30% av stillinga hans. Fleire har dei siste åra oppjustert det månedlige beløpet sitt og vi kom i 2022 til eit rekordresultat på kr 431 327,- i gjevarteneste. 

til_gjevarteneste.png

Beløpsgrensa for skattefritak for gåver til frivillige organisasjonar er på 25.000 (pr mai 2023).

Du som gjer er med å:

• sikra inntekter til løn

• spare pengar til eit større lokale i nye Frekhaug torg frå 2024

• tilby meir søndagsskule, både i og utanfor kyrkja

• tilby fleire trusopplæringstiltak

• bidra til andre tiltak som du brenn for

Vil du oppjustera ditt beløp? Eller melde deg eller andre i husstanden som vil verte fast gjevar?

Pengane går til barne- og ungdomsarbeidet og delar av fleire av dei stillingane som har med kyrkjelydsarbeidet å gjere (diakon, kyrkjelydspedagog med fleire) til lokalet og aktivitetane på Møteplassen og andre delar av kyrkjelydsarbeidet. 30% av stillinga til spesialpresten er kyrkjelyden sitt ansvar å lønne. Nett no (2022 og nokre år framover) har bispedømet ettergitt denne lønnsrefusjonen for at det skal kome barne og ungdomsarbeid til gode. Soknerådet ønsker å spare desse pengane for ta kostnadene med eit større lokale i nye Frekhaug torg når det står ferdig. 

Påmeldingsskjema for gjevartenesta finn du her, då nyttar du Bank-ID som registrering. Bruk elles dokumentet i lenka nedanfor og send inn som brev (eller skanna med signatur) til kyrkjekontoret. 

Har du auka gåva i det siste? 

Lønnsutgiftene stig også i kyrkja. Det same gjer prisar på varer og tenester. Det er viktig at gjevarane auker gåvene i takt med dette. 

Viss du vil auke gåva di, kan du berre gje beskjed til kyrkjekontoret (skriftleg/ på epost) om kva sum du vil auke til. Det går bra, så lenge du held deg til maksimumsummen du har avtalt. 

Har du tenkt til å auke over maksimumsummen du la inn når du inngjekk avtalen -kan du endre den i nettbanken, eller ta kontakt med banken din om endringa. 

Kvar må gje det han har bestemt seg for i sitt eige hjarte, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar. 2. Kor 9,7

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"