Onsdagsklubben møtes mellom fotballbana og sykkelbana i Mjåtveitmarka annakvar onsdag for leik og moro, bibelforteljing og song, saft og bollar. Ta med barna og bli med!
Alle barna får oppmøtekort, og kvar gong vi samlast får dei eit klistremerke i kortet.
Onsdagsklubben møtes annakvar onsdag i oddetalsveker kl 1730-1830. Ei vanleg samling ser slik ut:
Velkommen, registrering
Samling med bibelforteljing
Noko å ete/drikke
Leik/aktivitetar
Vi ønskjer at Onsdagsklubben kan vere ein plass der barn får ha det kjekt i lag i ei trygg ramme der dei får lære gode verdiar for livet. Samstundes kan vaksne naboar møtast og bli betre kjent. Det er ingen aldersgrense, men den korte samlinga med bibelforteljing vil vere tilpassa barn under skulealder.
Onsdagsklubben er eit samarbeid mellom Meland kyrkjelyd og Frekhaug indremisjon, og er tilknytta Søndagsskolen Norge.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.
Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:
Se instruksjoner for din nettlester under:
Internet explorer
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Chrome
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Firefox
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert