Velkomen til dåp

Kvart år vert cirka 50 born døypt i kyrkjene på Radøy, og dåp er ein sentral del av vår gudstenestefeiring. Når eit barn blir boren til dåp, blir vi minna om at ingen kan bera seg sjølv. Gjennom dåpen blir vi ein del av eit fellesskap som strekkjer seg over heile verda – og gjennom alle tider. Det er ei markering der barnet har alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og der Gud lover å følgje barnet alle dagar.

Dåp skal helst bestillast elektronisk ved å fylgje lenkja nederst på denne sida. Løysinga ivaretek alle dine rettar i samsvar med personvernlovgjevinga. Merk at det er viktig å krysse av éin eller fleire måtar vi kan kontakta dykk på. Presten som skal halde dåpsgudstenesta kjem til å kontakte dykk for å avtale ein dåpssamtale.

Samtalen vert som regel halde nokre dagar før dåpssundagen.

Til vanleg opnar vi for 2 dåpsfamiliar i kvar gudsteneste. Einskilde søndagar er det ikkje høve til å halde dåp av ulike årsakar. Desse får de ikkje opp i bestillingsportalen. Nokre dagar kan allereie vera fullbooka, slik at heller ikkje dei er synlege i portalen. Vi kan også ikkje ha dåp på skjærtorsdag, langfredag, konfirmasjonsdagar eller 17.mai.