Arbeid på Vangen kyrkjegard

Hausten 2024 skal me heve terrenget på A- og B-feltet på Vangen kyrkjegard. Dette er området mellom klokketårnet – bårehuset – Øvregata.

Arbeid på Vangen kyrkjegard

Dei som ynskjer å ta vare på blomar som er på gravene på desse felta, må ta dei med heim seinast helga 20.-22. september, slik at det er klart for arbeid frå 23. september. Me kan diverre ikkje love at blomar som står att vert tekne vare på. Av same grunn ber me om at det ikkje vert planta haustlyng på dette området før arbeidet er ferdig.

Arbeidet vert utført slik at gravminna vert tekne vekk rekke for rekke, so vert det fylt på massar som vert komprimert og til slutt vert det lagt på ferdigplen og gravminna vert sett på plass att slik at kyrkjegarden skal kunne takast i bruk att so snart som råd.

Arbeidet er lagt til hausten bl.a. for at perioden med sommarblomar skal vere ferdig slik at det vert minst mogleg ulempe for festarane og dei som elles brukar kyrkjegarden.

Ved spørsmål, kan du ta kontakt med kyrkjeverja på tlf. 95862520 eller e-post monica.finden@aurlandkyrkja.no.

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                          Kyrkjeverja

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"