Austrheim kyrkje 150 år

Her er artikkelen som stod i kyrkjebakke nr. 1, 2015. Den tar for seg eit historisk tilbakeblikk på kyrkjene som har stått i Austrheim gjennom tidene.

Austrheim kyrkje 150 år

Den kyrkja vi kjenner vert 150 år dette året, men det har stått kyrkjer på Austrheim så langt tilbake som til 1329, og kanskje før det og meiner historikarane. Dei gamle kyrkjestadane låg gjerne på ein stad som var godt synleg frå mange stader i bygda. Kyrkjetårnet på Austrheim kunne ein før i tida sjå frå Litlelindås og til yst i Fedjefjorden.

Kyrkja frå 1329 var nok ei stavkyrkje etter dei historiske opplysningane. Først i 1686, over 300 år seinare høyrer vi igjen om Austrheimkyrkja. Men dette er ei anna kyrkja. 18 alner lang (ca. 11,5 m).

I 1710 slo lynet ned i kyrkjetårnet og taket vart delvis øydelagd, men det vart reparert. Denne kyrkja vart forfallen eller brann opp. I alle høve meiner historikarane at mellom 1722- 1829  måtte det ha vorte bygd ei ny kyrkja, denne kyrkja stod like til den vi kjenner i dag vart vigsla. Deretter vart den riven.

 

 Gamle og nye kyrkjaDen nye kyrkja vart bygd 25-30 meter bortanfor den gamle som, låg der det no er gravplass. Sundag 26. mars 1865 helt prost Hveding siste gudsteneste i gamlekyrkja, og sundagen etter den 2. april vart den nye kyrkja innvigd av biskop Birkeland.

Den nye kyrkja, den vi no feirar kosta kr. 30.000 då den vart bygd. Kyrkja hadde den gongen 480 sitjeplassar, no er det lov å ha 355 personar i kyrkja. Noko av reduksjonen av persontal skuldast at galleriet som gjekk langt fram i kyrkja på sidene vart fjerna i 1937 ,og noko har med brannsikkerhet og rømingsvegar i nyare tid å gjere. Det er ein del inventar frå dei gamle kyrkjene  som framleis er i kyrkja, t.d. døypefonten og den gamle altertavla. Det er også teke vare på ein del anna utstyr. Det vart kjøpt ny kyrkjeklokke i 1865, den er støypt på Laksevåg verk i 1864, det står inskripsjon på den: GUD ÆREN ALENE. I nyare tid er det kopla opp automatisk ringeanlegg.

 

altar austrheim

Då kyrkja var ny kom det ny altartavle og ny døypefont. gamle altertavla

Den altartavla som var ny i 1865 (til venstre) er den som no står på altaret. I nokre år var det den gamle frå ei gamal kyrkje som var framme medan den store var på langveggen. No er det omvendt.

 

Den gamle altartavla er frå 1600-talet (Til høgre). Den vart funne att etter nesten 100 år, der den hadde blitt satt vekk då den gamle kyrkja vart rive.

 

Den døypefonten vi no brukar er frå 1100 talet, eigar er Bergen museum, men vi får bruke den, kom attende til Austrheim igjen til 125 års jubileet.

 

døypefont

 Kyrkja hadde tre vedfyringsomnar, men då straumen kom i 1952 var kyrkja ein av dei første som fekk elektrisk varme og lys.

Kyrkja er restauret to gonger, først i 1936, og siste gong ferdig i 1990. Men vindauga vart skrifta ut i 2009, då kom det inn blyvindauge i heile kyrkja.

Det siste som har kome på plass i kyrkja er digitalt utstyr. Ynskje for framtida er eit tilbygg med toalett og dåpssakristi, då må kyrkjegardsmurer flyttast. Det vert eit dyrt prosjekt så det ligg nok litt fram i tid.

Kyrkjegardsmuren.

Då nyekyrkja vart bygd i 1865 vart kvar gard som sokna til kyrkja pålagd å skaffa stein til steingarden rundt kyrkja. Det var nok eit slit og strev, mykje av steinen vart førd i båtar, kjerrer og på hest, men folk såg på kyrkja som noko heilagt og gjorde det med glede. Muren er utvida ettersom gravplassen er utvida, siste gong i 1996.

Det er no gode parkeringstilhøve ved kyrkja, kun på dei dagane det er veldig mykje folk er det framleis for lite. Dette kom på plass i 2011 i samband med omlegging av riksvegen.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"