Misjonsarbeidet i Mali

Frode Brügger Sætre har sendt oss ei sterk historie frå Mali. Den kan du lese her:

Misjonsarbeidet i Mali

Men så såg eg Jesus i ein draum

Då Hamma var ung ønskja faren at han skulle studera Koranen. Hamma vart sendt bort, til ein Koranlærar, der han var i sju år. I byrjinga var det tøft for ein liten gut. Han måtte tigga, dyrka jorda og jobba for læraren sin. Dersom han var ulydig vart han slått. Men etter kvart fekk han eit nærare forhold til koranlæraren sin. Hamma lærte å søkja Gud, han lærte om Muhammed sin veg til Gud, og han vart ein from mann. Etter 7 år hadde Hamma vore gjennom heile Koranen på arabisk, og han reiste heim att til faren sin. Då faren døyde, vart Hamma i ung alder leiar i familien sin. I landsbyen har han ord på seg for å vera lærd. Av og til leier han bøna i moskeen.

For eit par år sidan fortalte ein motorsykkelmekanikar Hamma at ein mann hadde byrja å undervisa fulani ikkje langt frå der han bur. Han vart med på undervisninga, og oppdaga at det var undervisning over Moses sine bøker og Jesus sitt evangelium. Hamma møtte trufast opp, utan at han stolte heilt på det mannen fortalte. «Men så såg eg Jesus i ein draum. Han kom frå skyene og nærare og nærare, heilt ned til meg i landsbyen min.» Draumen gjorde noko med Hamma sitt forhold til undervisninga. Under Ramadan i år bad han intenst både sine muslimske bøner og kristne tidebøner. Han brukte store deler av kvelden og natta i bøn om at Gud måtte visa han den sanne vegen. Svaret på bøna vart ikkje det Hamma ønskja: han fekk ein ny draum som viste at Jesus er vegen til Gud. «Den første dagen skalv eg innvending», seier Hamma, «eg var ikkje glad i heile tatt.»

Etter dette har Hamma nytta mykje tid på å lesa evangeliet. Han samanliknar Jesus sitt liv og Muhammed sitt liv, og har vorte overtydd om at Jesus er vegen til Gud. No før jul tok han kontakt med misjonæren sin, for å få ein månads intensiv undervisning i evangeliet. For, som han seier, «når eg skal fortelja familien min og koranlæraren min at eg trur på Jesus, kjem alle til å venda seg mot meg. Det kjem til å bli veldig vanskeleg, så det er viktig at trua mi får djupe røter.»

Takk for at de er med å be for Hamma og den vanskelege tida som ligg framfor han.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"