Ein basar til glede for store og små

Laurdag 31.januar arrangerte Kyrkjeprydnad, Kjerringrokken og Austrheim sokneråd basar på samfunnshuset. Det var mykje folk, og stor stemning

Ein basar til glede for store og små

Det første som skjedde var at ein måtte setje inn fleire bord og stolar, for det var mange som ville ha med seg denne basaren. Helge Dyrkolbotn leia oss gjennom ettermiddagen, og Per Børge Hillestad holdt eit flott ord for dagen. Austrheim songlag song i to avdelingar, og alle var enig med at det er fantastisk flott å høre på dei!

austrheim songlag

Denne basaren er eit av arrangementa i jubileumsåret til Austrheim kyrkje. Me fyller 150 år, og det vil me sjølvsagt markere. Det er allerede sendt ut kalendrar til alle husstander i Austrheim, og dei som ville ha fleire fekk anledning til å kjøpe det på basaren. Det var to åresal, og det var trekning på bok. Om ein ikkje vann noko, så kunne ein likevel vere godt fornøgd med all den gode maten som stod på bordene. Det kom inn nesten 80 000 kr på basaren, så det ser lyst ut for at me får ny gulvløpar i kyrkja. Den er venta å koste rundt 100 000 kr.

Takk til alle som var med å arrangere denne basaren, og til alle som møtte opp.

basar

basar2

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"