Kveldsgudsteneste med tema skam

Sundag 26.februar kl 19.00 er det klart for ei spanande og annleis gudsteneste i Austrheim Kyrkje. Soknerådet har i samråd med sokneprest Per Børge Hillestad flytta gudstenesta til kveldstid og det vil bli song og musikk som ein kanskje ikkje forbind med kyrkja, saman med salmar og songar frå bedehusland.

Kveldsgudsteneste med tema skam

Knut Gunnarsson Haugland og ”Ferdamann” vert med og vil spela sin eigen musikk, denne gongen i Austrheimkyrkja. Det vert svært spanande.

Leiar i Austrheim Sokneråd, Helge Dyrkolbotn, er svært glad for at Ferdamann vart med på dette opplegget i kyrkja. Eg har stor tru på at dette kan bli ei gudsteneste ulik det vi er vane med, men at det vert ei fantastisk stund i kyrkja vår.

Knut Gunnarson Haugland er ein tekstforfattar og komponist frå Austrheim.  Han har gitt ut 2 album; Dagane (2005) og Ferdamann (2015).  Begge albuma er å finna i sin heilskap på Tidal, Spotify og Itunes.  Ferdamann band har vore på vegen i 15 år og reist rundt på Vestlandet og underhalde med sin norskspråklege viserock.

Det var sokneprest Per Børge Hillestad som kom opp med forslaget om ei slik gudsteneste, og han vil kombinera Ferdamann sin musikk med temaet skam.

«Det er blitt sagt at det du veit om, kan du gjera noko med. Men det du ikke veit om, gjer noko med deg. Bli med på ei indre reise i eige liv» - dette er utgangspunktet for innhaldet i gudstenesta.  Serien Skam har vorte svært populær blant ungdommen, og den tek opp mange vanskelege tema som mange både unge og vaksne slit med. Per Børge vil også snakke om dei skambelagte temane.

Soknerådsleiaren oppmodar både konfirmantar, ungdom og foreldre og andre vaksne til å få med seg denne spanande gudstenesta. Det er ingen skam å gå i kyrkja!

Gudstenesta startar 19.00, men det vert servert kyrkjekaffi frå klokka 18.30. Nytt høvet til ein god kveld i kyrkja.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"