Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ledig stilling som Dagleg leiar/kyrkjeverje i 100 % i Bremanger kyrkjelege fellesråd

Stillinga som kyrkjeverje i Bremanger er ledig frå 15.08.2019 då noverande kyrkjeverje går av med pensjon. 

Ansvarsområde/arbeidsoppgåver 
Kyrkjeverje er dagleg leiar av fellesrådet si verksemd. Dette inneber ansvar for sekretariat og sakshandsaming for fellesrådet, administrasjon og planarbeid, budsjett og økonomistyring, personalforvaltning, administrasjon og drift av kyrkjegardar, forvaltning av kyrkjer og kapell, organisering av trusopplæringa, samt halde kontakt med sokneråda og kommunen.

Kvalifikasjonskrav 

Vi søker etter ein person

- med relevant utdanning på universitets-/høgskulenivå eller tilsvarande kompetanse innan administrasjon og økonomi, forvaltning, personalleiing og kyrkjeleg verksemd.

- med god kjennskap til kyrkjeleg forvaltning og organisering.

- med innsikt i og interesse for kyrkja sitt arbeid, m.a. trusopplæring og gudstenesteliv.

- som er løysingsorientert, kan arbeide sjølvstendig, har gode samarbeidsevner og evne til å sjå sine medarbeidarar, og som kan legge til rette for godt samarbeid mellom dei tilsette.

- har strategisk teft og eit tydeleg ønske om å fremje kyrkja si rolle i Bremanger kommune. 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 

Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja. 

Vi tilbyr:

Løn etter avtale, god pensjonsordning i KLP, høve til fagleg utvikling, ei god kommune å bu i for små og store og eit aktivt og engasjert fellesråd. 

Tilsettinga skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon sine tariffavtalar. Det er 6 månader prøvetid. 

Bremanger kommune har 3900 innbyggarar og eit areal på ca. 830 km2. Det er eit særskilt vakkert område med fjordar, kystlandskap, vakre strender, høge fjell, isbrear, skogar og kulturlandskap, - eit Sogn og fjordane i miniatyr!


I Bremanger er det 7 sokn, 8 kyrkjer/kapell og 12 kyrkjegardar. Fellesrådet har fleire tilsette som til saman utgjer ca. 8 årsverk. Det er to sokneprestar i kommunen med kyrkjekontor i Svelgen (Rådhuset) og Kalvåg.

Bremanger kommune har fleire tettstadar og bygder med Svelgen som kommunesenter. Kommunen har eit godt oppvekstmiljø med fleire skular, eit rikt organisasjons- og kulturliv, og gode høve for å vere med på ulike fritidsaktivitetar m.a. innan idrett, friluftsliv og musikk. Meir info om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no

 

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å ta kontakt med leiar for Bremanger kyrkjelege fellesråd, Olav Jarl Frøyen tlf.  48159133.

Søknadsfristen er 7. juni 2019 

Søknad sendast: Bremanger kyrkjelege fellesråd, Postboks 104, 6721 Svelgen

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"