Kontaktperson Davik sokneråd:
Gunhild Bakke | Leiar |
Davik kyrkje stod ferdig i 1886, men etter det ein veit har det i alle høve vore kyrkje i bygda i 680 år. Preikestolen er truleg frå først på 1600 talet og har vore nytta i dei tre kyrkjene som har vore i Davik frå 1655. Den er utskoren i hollansk stil og er ein av dei mest særmerkte preikestolar vi har frå barokken her i landet. Altertavla har motiv frå innstiftinga av nattverden.
Kyrkja er delvis tilrettelagt for personar med nedsett funksjonsevne, men tilkomsten inn i kyrkja, for den som er avhengig av rullestol el.l., er ikkje god. Det er montert teleslynge i kyrkjerommet. Utanfor er det skilta parkeringsplass for rørslehemma.
Kyrkja blir vanlegvis nytta til kyrkjelege handlingar og nokre trusopplæringsktivitetar. Davik bedehus (eigar Davik Indremisjon) blir også nytta til trusopplæringsaktivitetar, barne- og ungdomsklubbar og andre tilstellingar. Davik bedehus er lite tilrettelagt for personar med nedsett funksjonsevne. Ingen av bygga har handikaptoalett.