Bremanger kyrkjelege fellesråd har og desse stillingane ledige som kyrkjetener / reinhaldar ved fylgjande kyrkjer:
Midtgulen kyrkje: kyrkjetenar / reinhaldar
Rugsund kyrkje: kyrkjetenar
Bremanger kyrkje: kyrkjetenar
Berle kyrkje: kyrkjetenar / reinhaldar
Ålfoten kyrkje: kyrkjetenar
Hovudoppgåvene for desse stillingane, som kan bli inntil om lag 15% for kvar kyrkje, vil vere å hjelpe til ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar, samt å eventuelt foreta naudsynt reinhald og tilsyn med kyrkja. Stillingane er ledige omgåande
Opplæring vil bli gitt.
Det kan bli mogeleg å slå fleire av stillingane saman til ei større stilling dersom ønskjeleg.
For alle stillinga gjeld:
Løn etter avtale. Tilsetjing skjer etter gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Det er 6 månaders prøvetid for stillingane. Pensjonsordning gjennom KLP. Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja.
Dersom du er interessert, ta gjerne kontakt med kyrkjeverje på tlf. 91706595. Søknad sendast til: Bremanger kyrkjelege fellesråd, Postboks 104, 6721 Svelgen, eller til: bjarki.hrafnsson@bremanger.kommune.no