Trusopplæring = samspel heim-kyrkje
Kyrkjelyden skal spele på lag med heimen om barnet si trusopplæring. Er barnet døypt som spebarn vil trusopplæringa lære barnet å vekse i den kristne trua. Om dåp ikkje skjer før barnet eller ungdomen sjølv bestemmer det, er trusopplæringa noko barnet blir tilbode som "tilhøyrande" i Den norske kyrkja. Å vere "tilhøyrande" er når en fram til ein er 18 år, og mor eller far eller begge er medlem i Den norske kyrkja. Då har barnet same rettar som eit døypt barn som automatisk blir medlem av Den norske kyrkja. Sjå meir under DÅP.