Fyrste orgelet
Då kyrkja var ny blei der installert eit brukt positiv frå Farsund, truleg på tre stemmer. Orgelet kom til Farsund i 1785 og vart i 1900 seld til Tananger.
Andre orgelet
Dette var på 12 stemmer, levert av orgelfabrikken Noreg, Sandnes. Bak denne verksemda stod snekkermeister og musikkhandlar Theodor Thorsen saman med den tyske orgelbyggjaren Schwarts og med organisten Olaf Paulus som forretningsførar.
Fyrste orgelet blei levert i 1898, det siste i 1902. Det største var til den då nybygde Vår Frelsers kirke i Haugesund. Dette hadde heile 30 stemmer.
Tredje orgelet
I 1938 kom eit elektropneumatisk orgel frå den tyske fabrikanten Wetzel.
Wetzel er ein parentes i norsk orgelbygghistorie. Utanom Sandnes blei berre eitt instrument importert. Det var til Høyland, også i 1938.
Kororgelet
Mot slutten av funksjonstida svikta wentzelorgel. Ein valde kjøpa eit fire stemmers positiv med anhangspedal i 1969, levert av det sveitsiske firmaet Schamberger. Instrumentet var ganske funksjonsdyktig både til akkompagnement og til liturgisk bruk. Orgelet blei seld til Lykkja kapell, Hemsedal i 2002.
Fjerde orgelet
Dette var levert av Norsk orgel- og harmoniumfabrikk, Snertingdal, i 1971. Firmaet fungerte i kraft av det tyske firmaet Bosch sine varer og tenester. Schamberger spelte også ein viss rolle i planleggjinga. Konsulent var dåverande sandneskantor Kåre Opdal. Orgelet har 28 stemmer fordelt på ryggpositiv, hovudverk, oververk/svellverk og pedal. Trakturen er mekanisk, men registraturen er elektrisk overført. Der er seks mekaniske setjekombinasjonar, - ein amerikansk patent, visstnok den einaste i sitt slag her til lands.
Ombyggjing, omintasjon og restaurasjon av det fjerde orgelet
I 1982 utarbeidde dåverande sandneskantor, Kolbein Haga, planar for optimalisering av orgelets ibuande potensiale og for utskifting og omdisponering av mindre funksjonsdyktige stemmer og deler. Desse planane vart over tid gjennomførde etter kvar som økonomien tillét det: I 1987 utførte danske P. Bruhn & Søn (i dag heiter firmaet Andersen & Bruhn) fylgjande utskifting av mekanikken: Nytt spelebord og nytt pedalsett plassert i den originale konsollen. Ny mekanikk frå tangent/pedal fram til vertikalt hengande mekanikk (siste ledd) før ventil. Nye ventilfjører i stål kom i staden for dei originale i fosforbronse.
I 1990 utførte sveitseren Ferdinand Stemmer og sørtyskeren Sigfried Jehmlich fylgjande klanglege endringar:
Ryggpositiv/1. manual: Tertian II vart skifta ut med ny Sesquialtera II. ovudverk/II. manual: Koppelfløyte 8’ vart skifta ut med ny Røyrfløyte 8’. Oververk/III. manual: Sesquialtera II vart skifta ut med ny Cornett III. Pedalverk: Schalmey 4’ vart skifta ut med ny Trompet 8’. Heile orgelet, med unnatak av hovudverkets Mixtur, vart grundig omintonert. I 2001 sette Jehmlich Orgelbau Dresden inn ny mixtur i Hovudverket. Med dette var planane frå 1982 sette ut i livet.