Alle 6. og. 7. klassingar er velkomen til Lys vaken i kyrkja.
Me samlast laurdag kl. 17.00. Då skal me leike og bli kjent, utforske kyrkja, laga noko, ha sporløype ute, førebu søndagens gudsteneste, ete pizza, spela brettspel og sist men ikkje minst me skal sove over i kyrkja.
På sundagen et me frukost saman på Kyrkjetunet og øver litt til gudstenesta som me skal ha i lag. Familien din er særleg invitert til å komme på denne gudstenesta. De som ikkje har fått den før vil få utdelt boka “Godt nytt” som ei gåve frå Høle kyrkjelyd.
Lys vaken betyr ikkje at me skal vere vakne heile natta. Lys vaken handlar om å vere lys vaken for det som skjer rundt oss, for kvarandre, for Gud og for oss sjølve.
Meld deg på med å sende mail til Marie: MW589@kirken.no. Skriv navn på deltakaren og kontaktinformasjon til føresette i mailen.
Me oppfordrar alle som deltar på Lys vaken til å betala frivillig medlemsskap i Høle kyrkje sin klubb for undervising og læring. Denne er meldt inn i NMSu og gjennom dette medlemsskapet vil me få frifondsmidler til arbeidet i kyrkjelyden. Dette vil brukast til aktiviteter og gåver til dei som kjem på samlingane me har. Medlemsskap kostar 100,- for eit år og betalast til Høle kyrkjelyd på Vipps til Høle Sokn #121426. Merk betalinga med deltakarens navn og fødselsår.
Ta med
Sovepose, liggeunderlag, pute, toalettsaker, drikkeflaske, pyjamas, inne- og utekler og lommelykt.
For å kunne ha ei slik overnatting treng me hjelp: Me treng nokon som kan lage til eit måltid mat for oss, sundag morgon, og me treng nokon som kan være brannvakt frå kl. 01.00-07.00. Jo fleire som melder seg som brannvakt, dess mindre blir økta på kvar enkelt. Fint om de kan seie i frå ved påmelding dersom de kan hjelpe til med noko.