Rolf på Sentralen

Samfunnsengasjert snart-nittiåring med krystallklar erindring.

Rolf Tidemandsen

Gångelaget er ikkje det beste lenger, men det er ikkje lenge sidan han sykla og gjekk lange strekningar,

både etter vegen og i skoglendt terreng. Om hausten hadde Rolf Tidemandsen mange timar i bærskogen. I

år vart bærplukkinga avgrensa til villbring ved yttergrensene på tomta, men dei edle bæra er ikkje oppete.

Dei inngår i førebuingane til feiringa av 90årsdagen utpå nyåret, for Rolf likar god struktur og planlegging, og når planen er der, blir den som regel gjennomført. Samstundes skal «Estlandsprosjektet»

feirast, det humanitære arbeidet som han har vore engasjert i meir enn 25 år, og som han sjølv seier har

gjeve ei djupare meining til livet hans. Det er forresten ikkje lenge sidan han var i Estland heller. Der har

han vore meir enn hundre gongar, vi kjem attende til dette forunderlege kapitlet i Rolf sitt liv.

Rolf går enno sine rundar på Bruflat, han er opptaken tå å kome seg ut i friluft og treine litt for helsa si

skuld. Han tek også gjerne ein og annan turen til Dokka, Gjøvik eller Oslo, når han har særskilte ærend der,

mellom anna brukar han skomakar på Gjøvik, betrur han oss. Gjøvik er forøvrig heimbyen til mor hans Sigrid Mathilde, så dit reiste dei naturleg nok av og til, sjølv om kommunikasjonen var annleis då Rolf var

barn og ungdom. Mellom anna kan han hugse at han fekk is då han og broren som smågutar var på Gjøvik.

Den tida var det ikkje slikt å få kjøpt i Etnedal.

 

Uredd meiningsytrar

Alle som kjenner Rolf veit at han er prinsippfast, og han er ikkje redd for å ytre meiningane sine korkje i

samtaler, forsamlingar eller i media. Han kan vel nesten reknast som fast skribent, særleg i avisa Valdres,

og av og til i Oppland Arbeiderblad. Nokon kan vel synest at det av og til blir vel krasst det han skriv, men

røysta er heller mild når han seier at for han er skrivinga særs meiningsfull, samfunnsengasjert som han

er, og han legg til ; dessutan er det god terapi for ein som sit mykje åleine. – Det er viktig å ha noko å vere

engasjert i, seier Rolf, då gløymer ein seg sjølv litt. Så vidt han veit er han den einaste som med redaksjonell

godkjenning leverar innlegga sine på fax enno, skrive med god, gamaldags skrivemaskin.

 

Faste rutiner på Sentralen

Rolf står tidleg opp, har faste måltid og dagleg siesta om æftan. Då blir døra og telefonen stengt, slik sikrar

han seg fred og ro. Det heng kanskje litt att frå den tida telefonsentralen var døgnopen. Mor hans dreiv

sentralen på Bruflat, - ja eg vart vel praktisk tala fødd på sentralbordet, seier Rolf. Den gamle stogo var 3x3

meter, og sentralen var halvparten. Der budde familien på fire, far og mor Ivar og Sigrid, Leif og Rolf. Leif, eldstebroren flytta ut av dalen i sin ungdom. Rolf vart buande i Etnedal, og han var ikkje store guten då han tok til å betjene sentralbordet. Aldersgrensa var visstnok 18 år, men på Bruflat var det ved varande «dispensasjon» frå han var åtte, og sidan vart det arbeidsplassen hans heilt til Bruflat sentral vart lagd ned i 1981. Då hadde han, meir eller mindre vore fast på Sentralen i 45 år, og var ganske nedkøyrt, så det vart førtidspensjon i staden for flytting til anna arbeid i Televerket.

 

Mellom anna jobba han meir enn tjuefem julekveldar på Sentralen. Det vart rett nok fleire som delte på telefonvaktene etterkvart, men dei fleste hadde familie, så Rolf syntest det var rett og rimeleg at dei fekk vere

heime hos familien den kvelden.

 

Det tok lang tid å bygge seg opp att etter mykje døgnkontinuerleg arbeid, seier Rolf, som kan fortelje om

interessante år ved sentralbordet, før dei automatiske sentralane og mobilnettet kom. Det var sjølvsagt

mange trivelege samtaler og kontakter, og det vart forventa at sentralen kunne gi opplysning om det

meste. Rolf kan hugse alt frå spørsmål om bussen til forventa informasjon om kremaren hadde fått fersk

sild … I krisesituasjonar trødde dei til, om det gjaldt sjukdom eller brann eller andre presserande ting. Dei

hadde oversikt over det meste, lege og sjukebil, dyrlege og lensmann, og sikkert presten óg. Ein gong

det var særleg kritisk med ein pasient, ringte Rolf sørover til 12-15 butikkeigarar og sørga for at vegen var

«rydda» slik at dei kunne nå fram til sjukehuset på Hov i tide.

 

Stort samfunnsengasjement

Ved sidan av arbeidet på Sentralen, hadde Rolf eit stort engasjement i heimbygda si.

 

Han sat i kommunestyret to perioder på 1960-talet, som representant for Venstre. Det var krevjande tider

for politikarane i Etnedal, mellom anna med skulesentralisering, stort nord-sør-engasjement med løpande

debattar om plassering av ulike samfunnsbygg, og diverse vegprosjekt. Rolf var dessutan med i byggekomiteen både då kommuneadministrasjonen vart flytta frå Robøle til nybygg på Bruflat og for fyrste Etnedalsheimen som vart bygd.

 

Framleis fylgjer Rolf godt med i alt som skjer, både i Etnedal, heile Valdres, nasjonalt og internasjonalt, og han erindrar både store historiske linjer og einskiltsaker betre enn dei fleste. Han får med seg daglege oppdateringar i aviser, radio og TV, sjølv om han har sterkt nedsatt syn. Berre 10% på eine auget, litt over 50 % på andre, men du veit, det kompenserar noko, seier Rolf.

 

Stor utvikling

Rolf Tidemandsen har vore vitne til ei formidabel utvikling i si levetid, både lokalt, nasjonalt og i verda for øvrig. Om vi held oss til det lokale og nære og synlege; I hans barndom var det tjukk skog på Bruflat og få hus samanlikna med i dag.

 

Eit ungdomshus, som eigentleg var meint som bedehus, vart etterkvart bygd ved gamle smia, og seinare har han sett bygginga av kommunehusa, banken, pensjonat, Etnedalsheimen, menighetshus, butikkar, næringsbygg og privatbustadar..

 

Gutteklubben «Grei»

Gutteklubben «Grei», som var initiert av magasinet Norsk Ukeblad, vart starta på Bruflat i 1939. Dei var 6-7 medlemmer, og Rolf vart valt til leiar. Han var då 12 år gamal og det vart starten på eit stort organisasjons- og lagsengasjement. I likheit med dei fleste andre lag og foreiningar vart gutteklubben «Grei» forbode etter okkupasjonen i aprildagane 1940. ( Meir om gutteklubben i Rolf sine eigne «krigsminne» )

 

Når det gjeld krigsminne, har Rolf svært mange. I samband med frigjeringsmarkeringa i Etnedal 2015, hadde

Rolf eit svært interessant foredrag på kommunen og historielaget sitt arrangement på Menighetshuset 8. mai.

Deler av dette foredraget ( om frigjeringsdagane) kan de finne i denne Kyrkjevarden. Heile foredraget er tilgjengeleg på biblioteket.

 

Organisasjons- og lagsarbeid

Leiarvervet i «Grei» var fyrste tilittsvervet Rolf hadde, sidan er det blitt mange. Rolf har vore med i idrettslag,

skilag og ungdomslag, og sang- og musikkinteressa vart tidleg vekt. Han var med i Bruflat musikklag i meir enn

femti år, fyrst som trommeslagar og så som faneberar. Janitsjarmusikk er stort for Rolf.

 

Han kan aldri gløyme då han og Simen Rust var i New York i august 1970, tilstades på ein korpskonsert i Central Park. Der spelte dei melodiar frå ulike verdsdelar, og då turen var komen til Europa høyrer dei «Valdresmarsjen». Det var ei stor oppleving for ein heimekjær valdris, men det er framleis stort å fylgje musikarvenene i Bruflat musikklag. På konsertar er Rolf ofte å finne på fyrste rad, og fana dei har, kjøpte Rolf til laget då han overlot faneberinga til yngre krefter på 1990-talet. Den er utforma etter hans eigen idé.

 

Rolf er også ein glad sangar. I bassrekka i Bruflat sangkor sto han i 42 år, og talar varmt om korfellesskapet, der han også var leiar i ti år. Seinare var han ein drivande kraft i «Gruppa hass Paul» som gleda mange både i Etnedal og bygdene ikring, med sin friske, glade sang, akkompagnert av to trekkspill og ein citer.

 

«Skogtuns far»

Då skulesentraliseringa kom, fekk Bruflat krins tilbod om å kjøpe Skogtun til grendehus. Eigentleg var Rolf imot heile kjøpet, for han såg kva slags forfatning huset var i, men mot hans stemme vart Skogtun kjøpt, og kven andre enn Rolf vart leiar i husstyret? Saman med ein del andre, bretta han opp ermene og gjekk i gang med restaureringsarbeidet. Ikkje så reint få dugnadstimer timar hadde han på Skogtun, med arbeid av ymse slag. Det vart gjort veldig mykje, og huset vart take i bruk til glede for heile Bruflatkrinsen. Og folket visste å verdsette den enorme innsatsen Rolf hadde gjort. På Skogtun heng eit stort bilde av Rolf, og under står det skreve ; «Skogtuns far.»

 

Rolf kan fortelje om dei fyrste juletrefestane dei hadde. I 1965 var dei 120 vaksne og 86 barn, og alle fekk sine rundar rundt juletreet, og alle fekk mat…

 

For sitt store engasjement for Etnedal, fekk Rolf Tidemandsen også Etnedal kommunes kulturpris i 1996.

 

Kyrkjeleg engasjement

Rolf har heile livet hatt eit nært forhold til kyrkja, og vore ein trufast kyrkjegjengar.I tretten år hadde han også eit uløna tillitsverv som kyrkjeverje i Bruflat. Han oppdaga då at det ikkje var heilt samsvar mellom kart og kyrkjegardsprotokoll på den hundre år gamle kyrkjegarden. I to heile somrar arbeidde han med å samanlikne og oppdatere.

-Det var som ein labyrint, seier Rolf, men han fekk retta opp mange feil og laga eit eige kartotek for kyrkjegarden.

 

Kristentru

Når vi kjem inn på den kristne trua, seier han ; hovedpersonen for meg er Jesus, Rolf er klar på det. Trua har han hatt med seg sidan barndommen, og Jesus er haldepunktet.

 

Dette med Gud, den allmektige og Den hellige Ande, er meir fjernt for meg, men det går eg ikkje og grublar på.

 

Eg har imidlertid ofte spurt meg sjølv ; kvifor skreiv ikkje Jesus noko sjøl, han som er fullkommen? Kvifor etterlet han seg ikkje eigne skrifter?

 

Hittil har ingen kunne gjeve Rolf eit godt svar på det.

-Men vegen ser eg, seier han, har ikkje Jesus sagt : «Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg?»

 

Og så er nestekjærleiken sentral hos Jesus.

 

Estlandkontakt og humanitært arbeid

 

Rolf fortel om dei uventa og forunderlege samantreffa, som førte til hans store engasjement for menneske i Estland, eit humanitært arbeid som har gjeve han så mykje att.

 

Det starta med eit brev. Brevskrivaren Mart, hadde vore utvekslingsstudent eitt år på Lundheim folkehøgskule, takka vere Kr.f – laget i Vennesla, som sponsa opphaldet og Bondelaget før det, som inviterte fleire estiske ungdomar til Noreg.

 

Då han kom heim ville Mart gjerne halde det norske språket ved like, og av ein lærar på Lundheim hadde han fått adressa til Rolf.

 

Det vart starten på ein nær og god kontakt med ein heil familie i Estland. Familiebilda derifrå er sentralt plassert i stova hans Rolf, saman med bilde av eigen norsk familie.

 

Gjennom brev og telefonkontakt vart Mart og Rolf etterkvart godt kjende, og Rolf forstod at Mart kom frå veldig fattige kår. Han hadde arbeid, men inga stad å bu, så han overnatta hos kameratar. Ein dag fortalde han at han hadde sett ei rimeleg hybelleilighet, men måtte slå frå seg å kjøpe, det var for dyrt.

 

Då sende Rolf pengar, så Mart kunne kjøpe leiligheta, og ved gode kameratar si hjelp vart ho pussa opp. Rolf fekk invitasjon til å kome på besøk den sommaren, han reiste østover til Estland, og det vart ein tur som gjorde uutsletteleg inntrykk. Rolf ville også besøke barndomsheimen til Mart, som synte seg å vere eit nedlagt småbruk langt ute i audemarka.

 

Tidlegare generasjonar hadde levd godt på bruket inntil landet vart okkupert av Sovjetunionen. Tyrannisering og underkuing var kvardagsleg i den tida, og jordveg og buskap vart konfiskert, berre ei ku fekk dei behalde.

 

Dit kom Rolf til eit trekkfullt, gamalt hus, som hadde hatt jordgolv heilt til Mart hadde fått lagt tregulv året før. Dei mangla alt av materielle gode, men samhaldet og humøret hadde dei framleis. Mor til Mart var eit strålande menneske. I huset budde også syster til Mart som var åleinemor til ei jente på seks år. Berit, heitte ho, oppkalt etter Berit Aunli …

 

Rolf spurte om det var noko ho ynskte seg, og han gløymer aldri svaret han fekk den varme sommardagen ; «eg ynskjer meg ullteppe til senga mi…»

 

Den neste vinteren fraus korkje Berit eller dei andre. Rolf reiste heim og sette igong innsamling av ulltepper, utstyr og klede. I store kolli vart dei sende til Mart, og det var så mykje meir enn det familien hadde bruk for, så det vart fordelt til andre i barneheimar og barnehagar. Dei neste 5-6 åra vart rundt 50 store kolli sendt frå hjelpestasjonen» på sentralen til Estland, og utgiftene vart dekka av Rolf sin private konto.

 

Gjennom åra har Rolf hatt gleda av å hjelpe familien på mange måtar.

 

Han har skaffa familien fire leiligheter i landsbyen, og han har finansiert sjukehusbehandling for fleire av dei.

 

Ein av barnehagane hjelpetenesta har hatt kontakt med, fekk eit år huset isolert med Glava, nokon år seinare fekk dei varmt vatn, og Rolf såg også kor trafikkfarleg barnehagen låg til, så gjerde måtte byggast. Han gjekk til ordføraren og lanserte fylgjande forslag ; De betalar 50% for gjerdet, så betalar eg dei andre 50%. Det gjekk ikkje lenge før gjerdet var bygt.

 

Det har gått ut betydelege summar, men Rolf er klar på at han har fått så uendeleg mykje meir att. Med glimt i auge fortel han om børsaktiviteten sin ; blir det overskot så går det til Estland, underskotet dekker eg sjølv.

 

Eit par gongar i veka har Rolf telefonisk kontakt med Estland, Mart har vore på besøk mange gongar, og ein gong kom dei alle. Kvar gong vaier det estiske flagget saman med det norske -ved døra på Sentralen.

 

Elles har dei ny gutteklubb i Bruflatkroken. Kvar månad samlast dei 5-6 karar heime hos kvarandre til ein skikkeleg pratestund. Det blir løyst mange verdsproblem der, smilar Rolf, som set stor pris både på «klubben» og andre sosiale arenaer.

 

Men julekvelden skal Rolf feire åleine, slik han så ofte har gjort før.

 

Juletreet er uansett blinka ut, klar til å bli henta inn i den trivelege stova.

 

Rolf Tidemandsens minner fra frigjøringstida 1945

 

Vinteren går over i vår, i dobbel forstand. Meldingene fra London ble lysere og lysere. Noe stort holdt på å

skje. Og allerede på ettermiddagen den 7. mai, tidlig om ettermiddagen, møttes en sju-åtte stykker av oss i snekkerrommet i smia hos smed Nyhagen. Radioen stod på for fullt. Da var vi modige, nesten helt trygge. Og det var en som hadde ei kvartflaske med konjakk som gikk rundt, og aldri har vel så mange blitt beruset av så lite. Men det var altså ikke alkorus, det var gledesrus. Gledesrus var det! Og en gutt hadde gjemt en revolver i alle år, og nå klødde han i fingrene etter å få bruke den. Og den ble brukt i løpet av kvelden – men hvor hen, det får ingen vite.

 

Det ble en rekke folketog den våren, pluss det ordinære 17. mai toget. Det var sang og musikk, og faner og flagg. Folk hadde funnet frem dynamitten sin, og det var saluttering fra Bruflat til Robøle, som var samlingsstaden den gangen. Det var mønstring av hjemmestyrkene, HS. De stilte i sivilt uten distinksjoner eller uniformer. Det var ca. 120 mann i Etnedal som stilte i sivil genser og nikkers. Alle hadde gevær og armbind.

 

Han Terje Rollem, som overtok Akershus festning fra kommandant Nichterlain, han stilte også i sportsantrekk og sælbuhosor.

 

Grinifangene kom hjem, og ble behørig feiret. På Grini var det midt i alvoret en del galgenhumor. Der diktet de viser om nazistene og tyskerne. Siste verset til Grinisangen, det lyder jo slik:

 

«Ute der går de på kino, der får de

tross alt lattermusklene litt på gli.

Av Juster og Diesen og slikt, men de

har ikke sett Konze på ski

Det har vi!

Det har vi!

Det har de ikke der ute,

Nei, det må være utrivelig,

der ute i det fri!»

 

Ja, det går an å være ironisk. Han Konze som de synger om, han var altså leirkommandant. Det var han som ila straff til fangene hvis de hadde gjort noe galt, og hadde de ikke gjort noe galt så ble de straffet likevel. Det var han, og han var mektig upopulær. Men det største ønsket hans, det var å lære å gå på ski. Det prøvde han, men det greide han aldri. Fangene så på, klappet og ropte hurra til den fiaskoen han framførte. Det var Konze, leirkommandanten. De hatet ham! Med god grunn.

 

Ja, det var to ting vi lærte under okkupasjonen. Det ene var å holde sammen. Det andre var på godt norsk

«å holde kjeft». Du måtte være taus med det meste. Et eksempel på dette vil jeg ta med. Høsten 1944 kom det en tidligere sovjetisk soldat til bygda her. Han hadde greid på en mirakuløs måte å rømme fra straffearbeidet i Øvre Årdal. Han måtte ha husrom, og Guri og Nikolai Stutlien tok imot ham. Der var det en seks-sju unger i huset. Hvordan de greide å holde dette tett, holde det hemmelig, er ei gåte. Folk i Stutlien risikerte livet sitt. Jeg vil også her ganske til slutt ta med dette med Anders Hagaseth som søkte på stillingen som lensmannsbetjent under en nazilensmann. Han Anders ble nok uglesett for dette, men sannheten var at han var anmodet av heimestyrkene, av «gutta på skauen», om å søke. De ville gjerne ha en person på lensmannskontoret som kunne gi de nyttige opplysninger, hvis det var noe på ferde. Han spilte en viktig og risikabel dobbeltrolle, han Anders. Det gikk også bra.

 

Til slutt tar jeg med en episode fra 1940, da de norske soldatene kom til Bruflat og skulle forsvare stedet her.

I 1939 hadde noen av guttene på staden her startet en gutteklubb i regi av Norsk Ukeblad. Gutteklubben het

«Grei», og der var jeg leder. Da krigen kom så måtte denne klubben oppløses, og vi hadde en noe beskjeden kassabeholdning. Den kjøpte vi mat til de norske soldatene for som lå her på Bruflat. Vi kjøpte hermetiske oksekarbonader fra TPC «Trondhjems Preserving Company». Hvordan Norsk Ukeblad hadde fått vite om denne episoden det vet jeg faktisk ikke, men den kom på trykk i Norsk Ukeblad sommeren 1945. Gutteklubben Grei det var faktisk min første oppgave når det gjaldt lagsarbeid. Jeg startet da jeg var 12 år.

 

Ja, jeg skal avslutte denne beskjedne historikken. Da krigen kom i 1940 var jeg nybakt tenåring. Mye av dette jeg har fortalt er selvopplevd, noe har jeg fra lokalt hold, og det er det med kortreiste opplysninger, - det er slik sett stort sett i pakt med virkeligheten slik den var.

 

Hele foredraget er tilgjengelig på biblioteket

 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Etnedal kyrkjelege fellesråd

Kyrkjevegen 26, 2890 Etnedal

Åpningstider: 09.00-15.00 (Måndag, tysdag, torsdag og fredag)

Etnedal kommune: 611 21 300

Kyrkjeverje:  955 28 013

Sokneprest:  913 93 314

Kyrkjetenar:  918 22 336

Sekretær:  948 76 468 (tysdag og torsdag)

Epost: post.etnedal@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"