Per Einar Tveit: Trivest veldig godt i Etnedal

”Idèbank-sjef” Per Einar Tveit sprudlar gladvær på kontoret som næringskoordinator i Etnedal kommune. Han ynskjer alle innom kontoret med små og større idear til aktivitet i bygda.

På eit kontor på kommunehuset på Bruflat sit ein blid
kar innafor ei dør med eit skilt med ein lang tittel.
Per Einar Tveit har jobba her sidan august, og tittelen
hans er næringskoordinator.


Allsidig bakgrunn
Denne karen har hatt fleire titlar og arbeidsplassar
gjennom livet, innan Sjøforsvaret, Kongsberg Maritime
og som lufthavnsjef på Leirin til slutt. Mellom
anna har han jobba med utdanning og kompetanse på
høgskule-nivå på Leira.


Lite byråkrati
- Alt er så lettvint her i Etnedal, smiler Per Einar. -
Spør eg etter noko, får eg gode svar. Mine forslag og
idéar blir møtt med positive tilbakemeldingar. Folk
er berre utruleg hyggelege og hjelpsame. Det er lite
byråkrati. Gjer som du vil, får eg gjerne høyre.


Politikarane utfordra
Næringskoordinatoren seier at det er interessante
oppgåver han jobbar med. Han har mellom anna utfordra
fire politikargrupper på ulike område, og det er
stort engasjement. Dei jobbar med kommunikasjon/
informasjon, småbedrifter/nettverk, Etna som ressurs
og ubebudde bruk og hus. 12 av dei 15 i kommunestyret
er aktivt med på prosjektet som blir presentert
i januar. Det er ei spennande framdrift, og han har
fleire tema å utfordre dei på seinare.


Bakgrunn
Per Einar Tveit bur på garden Tveit på Fagernes, der
han er oppvaksen. Han reiste ut for utdanning og jobb,
og vart borte frå Valdres i 21 år, men følgde heile tida
godt med på det som skjedde her. Når flyplassen vart
nedlagt, måtte han sjå seg om etter ny jobb. Valet fall
på den minste Valdres-kommunen.

- Det var den kommunen som kanskje hadde dei største
utfordringane, smiler han, og virkar storleg fornøgd
over valet.


Etnedals-aner
Etnedalsblod flyt faktisk i årene til Fagernes-karen.
Tippoldefaren heitte Ole Mikkelsen Solbrekken og
var lærar i Etnedal. Kona, Aud Tveit, er interiørkonsulent
med eige firma. To vaksne barn er flytta ut og
bur i Oslo og Bergen.


Hobbyar
På spørsmål kva han likar å drive med når han tek fri
frå jobb og vedlikehald av hus heime og på stølen, er
svaret at han likar å halde kroppen i form. Han karakteriserer
seg som forholdsvis sosial, noko som truleg
er lite overdrive.
- Eg likar å gå på fuglejakt, seier kontormannen. –
Det er lite fugl, men det er godt kompaniskap. Og så
likar eg spinning.
- Spinning?
Ein glad og høg latter blir etterfølgd av forklaring:
- Det er sosialt, godt fellesskap, enkelt å setje seg på
sykkelen innandørs uansett vèr og føre, og veldig god
trim.


Ynskjer kontakt - har open dør
Eg er veldig ute etter å få kontakt med folk i Etnedal
som har idear til aktivitet, seier næringskoordinatoren
entusiastisk.
- Kom med idear, smått og stort. Har du ynskje, behov
og idear du vil realisere, er eg medspelar. Eg kan
hjelpe med undersøking, prosjektering og marknadsføring,
Lite kan bli stort
- Vi kan drodle i lag rundt idear, det er alt fleire som
har vore innom meg.
Eg kan ikkje vente at alle kjem av seg sjølv, og er så
langt ikkje van med renn på dørene. Men eg er svært
interessert i kontakt med folk med tankar og idear
rundt etablering av noko lite som kan bli stort. Eg kan
også kople saman folk med samanfallande interesser,
som kan ha nytte av samarbeid.


Råvara er her
- Det er eit einsarta næringsliv i Etnedal. Råvara her
er god plass! Den gode tilgangen på plass må kunne
brukast til noko. Det er mykje hyttebygging, og sikkert
noko som kan kombinerast med det som alt er
her. Eitt eksempel er produksjon av lokalmat.
- Karane er gjerne for optimistiske, kvinnene for
forsiktige i slike saker, smiler optimisten Per Einar. -
Problemet med arbeidsplassar er at det ofte er snakk
om to personar som par, som er ute etter arbeid.


To års engasjement
Per Einar Tveit har eit to års engasjement som næringskoordinator
i Etnedal. Etter det veit han lite om
kva han skal gjera. Sidan karen er ein blid og glad
61- åring, er det lite truleg at han berre skal kose seg
med hunden og spinninga. Kanskje held han fram i
Etnedal, med jobb som i dag. Eller kanskje har han
då fått så mange idear frå kreative etnedøler som no
skal banke ned døra hans, at han skapar seg ein ny og
interessant jobb, gjerne i Etnedal.


Ingun Kompen  

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Etnedal kyrkjelege fellesråd

Kyrkjevegen 26, 2890 Etnedal

Åpningstider: 09.00-15.00 (Måndag, tysdag, torsdag og fredag)

Etnedal kommune: 611 21 300

Kyrkjeverje:  955 28 013

Sokneprest:  913 93 314

Kyrkjetenar:  918 22 336

Sekretær:  948 76 468 (tysdag og torsdag)

Epost: post.etnedal@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"