Dette er eit høgdepunkt i konfirmanttida og me ser fram til å få samanhengande tid i lag med dykk der det er rom for fine opplevingar saman. Me håpar på fine dagar saman, der me skal verte betre kjend med kvarandre,
oss sjølve og Gud.
Motto for leiren: Me er alle perler!
Og gjennom leiren skal me få desse perlene til å skinne ved at me seier fine ting til kvarandre, ser det beste i kvarandre og er ein del av eit større fellesskap, eit kristent fellesskap – ei perle i eit perlekjede.
Ta med:
- Kristuskransen – perlekrans og boka ”Skatten og perlene”
- Bibel
- Laken
- Sovepose evt. sengetøy, du får dyne og pute dersom du har med sengetøy .
Sengetøy (laken, putetrekk, dynetrekk) kan også leigast.
- Uteklær
- Byttetøy
- Handkle og toalettsaker
- Badetøy og badehandkle
(dersom du ønsker å bade)
- Fotballsko for dei som vil spele fotball
- Penger dersom du skal handle i kiosken,
og litt pengar du kan bruke på auksjon lørdag kveld.
- Lapp med kontaktperson/ badeløyve
(ligg som vedlegg lenger ned på sida)
Reise og opphald har de betalt for når de betalte for konfirmantåret.