Gjevarteneste

Prosjekt "meir prest til Fedje"

Gjevarteneste

Mange er i dag med i friviljug arbeid i kyrkja. Det er fantastisk, og det trengs. Soknerådet ønskjer no å utvida med 20% meir prestestilling på Fedje, og då treng vi fleire som er med og løftar i flokk!

Vi ser for oss i framtida vil prestestillingar i aukande grad bli delfinansiert av dei lokale kyrkjelydane. Per Børge har stilt seg til disposisjon for å auka sin stillingsprosent i arbeidet på Fedje frå dagens 25% til omlag 45%.

Dette vil kosta omlag kr. 120.000 i gjevarteneste i året. I tillegg vil vi henta nokre midlar frå trusopplæringa.

 

Soknerådet er einstemmige i at det er rett å invistera og satsa på fylgjane:

1. 20% auka prestestilling

Den auka stillinga vil arbeide med fylgjande:

10 ekstra gudstenester i året, trusopplæring/ungdomsarbeid og diakonalt arbeid.

2. Samarbeid mellom soknerådet og Indremisjonen

Med ti ekstra gudstenester pr. år får vi og moglegheit til å variera gudstenestene meir. Dei nye gudstenestene/samlingane vil ha noko enklare liturgi. Ei eiga arbeidsgruppe med representantar frå både bedehuset og kyrkjavil arbeide med utforminga av desse. Gudstenestene/samlingane vil leggja opp til eit språk som dei fleste vil ha lett for å identifisera seg med. Ein vil prøva å ha eigne opplegg for born i samband med samlingane. Vi ønskjer å laga til gudstenester/samlingar som er lokalt forankra, fleksible og involverande.

Oppstart av prosjektet vert 1. august 2018, og evaluering av økonomien vil føretakast ved utgongen av året.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål:

Leiar i soknerådet: Lars Svendsen tlf: 97702480

Leiar for prosjektet: Jostein Husa tlf: 97081677

Kyrkjeverge: Mia Etokebe tlf: 91258364

 

Vil du melde seg som gjevar, ta kontakt med kyrkjeverge.

Kontaktinformasjon for Fedjekyrkja

Adresse: Stormarkvegen 49
5947 Fedje

Besøksadresse: Stormarkvegen 8

Opningstider:
Onsdag og torsdag kl. 09.00 - 12.00

post.fedje@kyrkja.no

Tlf: 951 57 569 (bruk kontortid)

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"