Alle avgifter vert indeksregulerte 1 gong i året, tilsvarande konsumprisindeksen.
Fredingstida for graver på Fedje er 20 år. Etter dette kan grava festast i bolkar på inntil 5 år.
Ei grav som er 60 år, skal normalt slettast, men kan etter søknad festast inntil 99 år. Grav som vert så gammal skal uansett slettast, så sant den ikkje vert vurdert til å vera verneverdig. Grav som vert verna er fritatt for festeavgift.
Festeavgifter:
· Kistegrav mellom 20 og 60 år: kr. 500,-
· Barne og urnegrav mellom 20 og 60 år: kr. 250,-
· Kistegrav mellom 60 og 99 år: kr. 900,-
· Barne og urnegraver mellom 60 og 99 år: kr. 450,-
· Reservasjon/feste av dobbeltgrav (grav ved sida av): kr. 10.000,-
Dette er ei eingongsavgift som tilsvarar 20 års festeavgift. Kan ikkje refunderast.
· Reservasjon av grav i namna minnelund kr. 5.000,-
(samme prinsipp som ved reservasjon av kistegrav).
· Namneplate i namna minnelund: kr. 4.000,-
Utanbygds gravlegging:
Det er ekstra kostnader for gravlegging av personar som ikkje er heimehøyrande på Fedje.
Alle som har bustadadresse på Fedje, har rett på ei frigrav. Denne retten følgjer kvar ein til ei kvar tid er folkeregistrert og har ingen samanheng med medlemsskap i kyrkja.
Kostnader for leige av kyrkja og kyrkja sitt personell til ein seremoni kjem i tillegg.
Prinsippet med utanbygds gravlegging er todelt:
Den eine delen er ein generell kostnad for å opna ei grav på Fedje og den andre delen er festeavgift for dei første 20 åra.
Gebyr og festeavgifter:
· Utanbygds kistegravlegging utan seremoni: kr. 10.000,- + festeavgift for 20 år
(følgjer satsen for festeavgift for kistegrav mellom 20 og 60 år).
· Utanbygds urnegravlegging utan seremoni: kr. 5.000,- + festeavgift for 20 år
(følgjer satsen for barne og urnegraver mellom 20 og 60 år).
· Namneplate i namna minnelund utanbygds: kr. 6.000,-