Trusopplæringsplanen

"Med Jesus i båten" er namnet til Fitjar kyrkje sin trusopplæringsplan. Den famnar born frå dei er døpt og til dei er atten år. Det er ein variert plan, med mange ulike tiltak for born og unge. Planen har som mål, at alle døypte skal verta verande hos Jesus og veksa i trua på han.

Trusopplæringsplanen

Trusopplæringsplanen for Fitjar vart godkjend hausten 2013.

Me inviterer alle døypte per brev. Me annonserer i tillegg i kyrkjelydsbladet, på facebook og flyers. Alle som er i rett aldersgruppe er velkomen, sjølv om dei ikkje er invitert per brev.

Under finn du informasjon om ulike tiltak. For nærare informasjon om dei ulike tiltaka, påmelding, og anna, sjå under eller ta kontakt med kyrkjelydspedagogen!

Tiltak

Namn

Meir informasjon

B0

Dåp

Alle er hjarteleg velkomen til dåp

B1

Babysong

Alle døypte får invitasjon til babysong. Men det er sjølvsagt mogleg å byrje før barne er døypt. Du er også hjarteleg velkomen om du ikkje har tenkt å døype barnet

B2 - 4

Småbarnssong

Kveldssamlingar ca 1 gong i månaden med song og ei bibelforteljing. Me et nistekvelds saman

B4

Utdeling av   4-årsbok og kyrkjevandring

På laurdagen vert barna betre kjent med kyrkja og dei som jobbar der. Dei får 4-årsbok på gudstenesta om søndagen.

B5

Den gode gjetaren

Ein ettermiddag på hausten, før søndagsskulens dag, samlast barna i kyrkja for å syngje, be og høyre om Jesus som dedn gode gjetaren.

B6

Barnas påskefest

Ein søndag rett før eller etter påske, feirar me barnas påskefest. Barnegospel syng, og 6-åringane får bok.

B7

Pinsefest

Kyrkja sin bursdag er vert å feire. Fest i kyrkja ein ettermiddag etter skulen på våren.

B9

Tårnagent

Dette er eit stort arrangement for alle som vert 9 år. Dei er agentar i kyrkja på laurdagen, og skal finne skattar i kyrkja. Søndagen deltek dei på gudsteneste.

B10-11

Båten/Pilegrim

10 og 11-åringane er saman. Det vert Båten og Pilegrim annakvart år, på våren, slik at alle skal få med seg begge tiltaka i løpet av dei to åra. Begge er i hovudsak ute, og dei får oppleve naturen og bibelforteljingar.

B11

Lys vaken

Når det er mørkt ute, er det lys i kyrkja. Barna får komme på overnatting, og får vite meir om å vere vaken med og for Jesus.

B15

Konfirmasjon

Gjennom eit år med samlingar i kyrkja, festival og gudsteneste, lærer 15åringane om seg sjølve, Bibelen, kyrkja, og alt som dette rommar.

B16 -18

VIDARE

Tilbod etter konfirmantåret. Me tek det eit steg vidare.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
onsdagar kl. 09.00-11.30, 
torsdagar kl. 09.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"