Kode B

Dette er ei vidareføring av det barna gjer på «Lys vaken». På kode B samlast dei fire gonger før dei er med og deltek på ei gudsteneste. Samlingane i kyrkja skal hjelpe dei å verte betre kjend med Bibelen, kunne slå opp i den og bruke den. Dei vert og betre kjent med kyrkja og nokre av handlingane i ei gudsteneste.

Denne samlinga er om vinteren, i januar og februar. Følgj med på kalenderen på nettsida eller i kyrkjebladet for meir informasjon. Barna som er med på Lys vaken får informasjon om Kode B når dei er der, elles vert alle som er medlemmar i kyrkja og tilhørige invitert per brev. Ta kontakt om du lurar på noko.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Tysdag, Onsdag, Torsdag, Fredag  kl. 09-15.00

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no