Konfirmasjon

Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vite meir om seg sjølve, kristendommen og Gud, og om kva trua kan bety i kvardagen.

I Fitjar kyrkjelyd har vi konfirmasjon laurdag og søndag andre helga i mai.

 Påmeldinga til konfirmasjon skjer på våren året før, som regel i juni før sommarferien startar. Alle konfirmantane er med på konfirmantleiren "Konfcamp" i Etne i påsken. Konfirmantane er i tillegg med på heimegrupper, fasteaksjon, lysmesse og andre gudstenester.