Ute-samling for alle som blir 6 år i år

Onsdag 28. april inviterer med alle som skal byrje på skulen til ei samling utanfor Fitjar kyrkje. Der blir det ei samling med song, bibelforteljing og utdeling av bok.

Ute-samling for alle som blir 6 år i år

Me har lyst å gi deg boka "Tre i eit tre". Den handler om dei tre venene Erlend, Stian og
Tuva. Me får vere med dei i det hemmelege treet, når dei finn kamelspor i snøen, og når dei
spionerer på Gamle-Hans.
Dei byrjar også i første klasse, og både på skulen og i kyrkja høyrer dei
historier frå Bibelen. 

Me ynskjer påmelding online på www.kyrkja.no/fitjar. Du finn ein blå knapp under til påmeldingsskjema 

Då kan me lage gode grupper etter kva barnehage dei høyrer til.
Mandag 26.april sender eg melding på mobil om kva tidspunkt di gruppe skal komme. Det vert mellom 17.00 og 18.00 den 28.april.

Påmelding kan òg gjerast på telefon 95138562 eller e-post rama@fitjar.kommune.no

Dette brevet går til alle som er medlemmer i Den Norske Kyrkja.
Alle er like velkomne anten dei er medlem eller ikkje. Kjenner du nokon som er 6-år, inviter dei gjerne med. 


Velkomen til 6-årssamling ute

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
onsdagar kl. 09.00-11.30, 
torsdagar kl. 09.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"