Saman for fellesskapet

Med ny kyrkjelydsprest, aukande aktivitet for barn og unge i kyrkjelyden og eit føreståande kyrkjejubileum, treng me hjelp frå dykk! No får du snart tilsendt brosjyren om korleis du kan bidra og gje til kyrkjelyden.

Saman for fellesskapet

Dei kyrkjelydsprestane me har hatt så langt, har alle delvis vore løna av innsamla midlar. Mange i kyrkjelyden har vore med som faste gjevarar til dette føremålet, medan andre har gjeve spontane gåver og rause offer og kollektar. No treng me å fornya og auka denne tenesta monaleg! Og me trur at det er eit stort potensial for dette i bygda. Fleire har alt sagt at dette vil dei vera med på. Det set me stor pris på! For å opprettahalda barne- og ungdomsarbeidet på det nivået me har no, er det og naudsynt å få inn midlar til dette og. Soknerådet opererer med ein felles konto for alle føremål. Dersom du merkar giroen med «kyrkjelydsprest» eller«trusopplæring», skal du vera trygg på at gåvakjem trygt på rett plass. Du bestemmer. Om du ikkje merkar med noko, nyttar soknerådet gåva der dei finn det mest tenleg. Gåver går uavkorta til øyremerka føremål.

Om du ikkje vil vente på brosjyren, som kjem i posten, kan du laste ned pdf-fila nedst på sida. Du kan og laste ned pdf-fila med skjema for fastgjevar, som du nyttar i kontakt med kyrkjekontoret.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
onsdagar kl. 09.00-11.30, 
torsdagar kl. 09.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"