Diakoni

I Fitjar sokn har vi ei diakoninemnd som har forskjellige tilbod til folket i soknet. Noko av det er besøksteneste, soknebod, sjelesorg og eit andaktsliv som ikkje treng å vere einsamt. For meir informasjon

Diakoni

Besøkstenesta

Eit av dei tilboda er besøkstenesta. Vi har ei vel fungerande besøksteneste her i kyrkjelyden. Dei fleste av besøksvenane er friviljuge medarbeidarar som brukar av si fritid til ei viktig teneste. Dei har teieplikt på lik linje med prestane.

 

Soknebod

Jesus innstifta sjølv nattverden når han åt sitt siste påskemåltid saman med disiplane sine.  Medan dei heldt måltid, tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Ta imot, dette er min kropp.» Og han tok eit beger, takka og gav dei, og dei drakk alle av det. Og han sa til dei: «Dette er mitt blod, paktblodet, som blir aust ut for mange. Mark. 14,22-24. Vi treng Jesus alle saman. I nattverden kjem Jesus oss konkret i møte med sin kropp og sitt blod i form av brød og vin. Nattverden er for alle. Vi treng nattverden med jamne mellomrom for det kan vere styrkjande for trua. Alle stiller vi likt når det gjeld nattverden. De som ønskjer nattverd kan kontakta prestane som kan koma heim til deg med nattverd.

 

Sjelesorg

Mange kjem i løpet av livet bort i åndelege spørsmål om tru og tvil. Da kan det vere godt å få drøfta dei spørsmåla man sit med nokon. Ein slik samtale om åndelege spørsmål gjev ikkje nødvendigvis klåre svar, men kan vere til hjelp for den vidare prosessen som følje av slike spørsmål. De som har åndelege spørsmål om tru og tvil, som de kan tenkje dykk å drøfta med nokon, kan ta kontakt med prestane.

 

Andaktsliv

Bibellesing, andakt og forbøn er viktige for den kristne sitt andelege liv. Bibelen er kristendommen sitt fundament. Bibellesing kan ikkje overvurderast. Ein treng daglig åndeleg føde. Ein fin ting med bibeltekstane er at dei ofte har noko nytt å gje oss, sjølv om ein har lese same teksten mange gonger før. Daglig andaktslesing er ein god åndeleg oppbyggeleg ting å gjere.  Ja, det kan vere fint å sjå korleis andaktskrivaren tolkar teksten som andakta tar utgangspunkt i. Ein andaktsstund saman med nokon som kan koma på besøk kan vere godt. Dei av dykk som av ei eller anna grunn ikkje kan koma til kyrkje kan ta kontakt med prestane for å få ei andaktsstund av og til.

De er ikkje til bry om de kontaktar diakoninemnda eller prestane for vi er til for dykk. Ver frimodige, ta kontakt!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
onsdagar kl. 09.00-11.30, 
torsdagar kl. 09.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"