Fitjar kyrkjekor er stifta!

I haust starta Jan Overweg, som er den nye kantoren i Fitjar kyrkje, eit nytt blandakor. Det har vore eit ønskje frå både kantoren og kyrkjelyden å etablera eit kyrkjekor som kan vera ein del av gudstenestelivet i Fitjar kyrkje.

Oppstarten har gått bra, og koret har no 23 medlemer. Det har vore korøving kvar onsdagkveld sidan byrjinga av september. Onsdag 28. oktober var det eit formelt stiftingsmøte med godkjenning av vedtekter. Koret har fått namnet Fitjar kyrkjekor. Styreleiar er Olaug Gloppen, og ho får med seg Kari Anita Larsen og Harald Skumsnes som styremedlemer.
Vil du vera med og syngja i koret, ta gjerne kontakt med oss, eller kom på ei øving. Me er i kyrkja kvar onsdag frå kl. 19.00-21.00.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Onsdag, Torsdag, Fredag  kl. 09-15.00

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no