Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Gjenopninga av Fitjar kyrkje vert utsett

Ljosmessa vert på bedehuset sundag kveld. Kyrkja skal vera klar til konserten med Marianne Juvik Sæbø og Bergen Gospelcompagni torsdag i neste veke.

Etter at kyrkja i haust har vore stengd grunna omfattande byggearbeid, var det planen at kyrkja skulle takast i bruk 1. sundag i advent.. 

Det kunne me fått til, men det ville føra til svært mykje ekstra arbeid for dugnadsfolket som står på i kyrkja.  Difor har me avgjort at ljosmessa skal haldast på Fitjar bedehus kl. 19.00 på sundag.

 

I løpet av hausten har me opplevd ein ufatteleg stor dugnadsvilje for kyrkja i Fitjar.  Over 80 personar har vore inne på  ulike typar arbeid og lagt ned ein kjempeinnsats.  Det er me svært takksame for. 

 

I neste veke kjem det nye orgelet frå Sverige. Dei første vekene i desember vil tre orgelbyggarar arbeida med å montera storparten av orgelet på det nye galleriet.  I denne tida vert det avgrensa aktivitet i kyrkja, men gudstenestene på sundagane vil finna stad der.  

 

Galleriet vil ikkje vera ope for puplikum før utpå vinteren ein gang.

 

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Onsdag, Torsdag, Fredag  kl. 09-15.00

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no