Insetjingsgudsteneste Fridleif Lydersen

Søndag 14.februar er det offisiell innsetjingsgudsteneste for den nye kyrkjelydspresten vår, Fridleif Lydersen. Dette vil me feire saman med kyrkjelyden.

Insetjingsgudsteneste Fridleif Lydersen

Fridleif skal leia gudstenesta, men soknepresten vår, prosten i Sunnhordland og tidlegare kyrkjelydsprest, Nobu, deltek på gudstenesta. Me håpar å fylle kyrkja med folk, slik at dette vert både høgtideleg og kjekt.

Etter gudstenesta inviterer soknerådet til fest på bedehuset. Til vanleg er den årlege kyrkjelydsfesten første søndag i februar. I år slår me den saman med insetjingsgudstenesta til Fridleif. Det vert servering av betasuppe, kaffi og kaker, og eit husorkester spelar til kyrkjelyden.

Me håpar at så mange som mogeleg kjem, både i kyrkja og på bedehuset.

Velkomen!

 

NB! Me treng framleis nokon som kan hjelpe til med festen.

Ta kontakt med Bodil Nesse om du kan bake kake, på telefon 48103875

Ta kontakt med Sindre Aarbø om du kan hjelpe til å sette opp bord/stolar laurdag, på telefon 47604730

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
onsdagar kl. 09.00-11.30, 
torsdagar kl. 09.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"