Kyrkjeinventar

Registrering av inventaret i Fitjar kyrkje

No om dagen føregår det eit stort arbeid med å registrera inventaret i norske kyrkjer.  Inventaret i kyrkjene er vår felles skatt som det er viktig å sikra for framtida.  No skal alt kyrkjeinventar regitrerast i ein nasjonal base, der foto og informasjon om kvar einskild gjenstand skal lagrast.  Det meste av arbeidet lokalt må gjerast på dugnad.

                  

Hos oss har me vore heldige og fått Hermann Inge Aadland med på jobben.  Gjennom si teneste som sokneprest i Fitjar gjennom mange år, fekk han stor kunnskap om kyrkja og inventaret.  Etter fleire økter i kyrkja har Hermann Inge no samla all dokumentasjonen som skal til, slik at det er klart for registrering i den nasjonale basen. 

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Onsdag, Torsdag, Fredag  kl. 09-15.00

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no