Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ledig stilling

Fitjar kyrkje lyser ut ein stilling, kyrkjelydspedagog. Sjå utlysinga og ta kontakt om du er interessert!

KYRKJELYDSPEDAGOG -  50% vikariat i tida 1.4.-31.12. 2015

Kyrkjelydspedagogen har ansvar for å administrera, tilretteleggja og gjennomføra trusopplæringa i kyrkjelyden, saman med dei andre i staben og frivillige.

Søkjarane må ha relevant utdanning med kristendom og /eller pedagogikk i fagkretsen 


Personlege eigenskapar

Me søkjer  personar som er sjølvstendige, ærlege og fleksible, som er glad i å arbeida med menneske, som har evne til å samarbeida og som har lyst til å vera med på å styrjka og bygga kyrkjelyden i Fitjar 

Me kan tilby:

Godt arbeidsmiljø som byggjer på tryggleik og trivsel

Varierte arbeidsoppgåver og medverknad over eigen arbeidssituasjon

Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regulativ og tariffavtale i KA 

Det er ønskjeleg at dei som arbeider i kyrkjelyden er busette i Fitjar

Det vert sett krav om medlemsskap i  Den norske kyrkja

Ved evt. tilsetjing vil det verta kravd politiattest

 
Søknad kan sendast til: kyrkja@fitjar.kommune.no

Nærare informasjon om stillingen er å få hos kyrkjeverje Harald Rydland tlf. 913 47 802.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Onsdag og Fredag  kl. 10.00-15.00

 

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no