Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

9. og 10. mars er det Tårnagenthelg i Fitjar kyrkje, for alle som blir 9 år i år.

Fitjar kyrkjelyd inviterer alle som går i 3.klasse til Tårnagenthelg i Fitjar kyrkje. Då skal dei få vere agentar og utforske kyrkja og løyse mysterium, ete agentmat og få sin eigen agentkode. Søndag 10. mars er det familiegudsteneste og alle er velkomne.

Agentane møtest i kyrkja laurdag 09. mars kl. 15:00. Me held på til kl. 19:30. Søndag treffest me igjen kl. 10:00 og held på til kyrkjekaffien er ferdig. Du/de, eventuelle søsken, fadrar og vener er inviterte til gudstenesta, som byrjar kl. 11.00, som er ei familiegudsteneste. På gudstenesta vil tårnagentane delta i ulike oppgåver og få utdelt boka «Skatten i Liljedal»

Englevakter
Vil du/de vere Englevakter? Ei Englevakt er ein som er med nokre timar denne helga, følgjer borna opp i kyrkjetårnet, hjelper til med maten, går saman med dei på symboljakt og ulike praktiske oppgåver m.m.

Fotografering/filming.

I løpet av helga vil me ta ein del bilete og kanskje lage ein film. Bileta vil kunne bli brukt i kyrkjebladet, lokalaviser, og på nettsida. Dersom de ikkje vil at barnet dykkar skal avbildast på nett eller i blad/avis, gje beskjed om dette. Film/bilete kan også bli brukt til lokal reklame for Tårnagenthelg.


Påmelding
Påmelding for agentar og Englevakter kan du gjere online her på sida. Påmelding innan 6.mars! Følg den blå påmeldingsknappen.

Kontingent

Deltakerpavgifta er kr 100,- kr. Det er høve til å betale med vipps til #23412 Fitjar Sokn eller til kontonr. 3546.07.04195. Hugs å merke betalinga med Tårnagent og namnet til deltakar.  


Tårnagenthelg er ei landsomfattande arrangement som er ein del av trusopplæringa i Den norske kyrkje. Over heile landet vil det vere agentar i kyrkjene i desse tider. Denne invitasjonen blir sendt til alle barn som blir 9 år i år, som er medlem eller tilhøyrer Den norske kyrkja. Barnet ditt er tilhøyrande om minst ein føresett er medlem av Den norske kyrkje.  Alle barn er like velkomne anten dei er medlem eller ikkje.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Onsdag og Fredag  kl. 10.00-15.00

 

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no