Religiøse folketonar fråVestlandet, presentert av Osternes mannskor

I år er det 150 år sidan «nyekyrkja» på Fitjar vart vigsla, og jubileet vert markert på mange vis. Det burde vera nok å nemna både bokutgjeving og nytt orgel. 26.januar markerer bygda sitt eige mannskor opninga av jubileumsåret med den første temakvelden i 2017.

Religiøse folketonar fråVestlandet, presentert av Osternes mannskor

Osternes mannskor skulle vera godt kjend i distriktet etter flotte konsertar og kabaretar  dei siste åra, og det er med glede og spenning me ser fram til eit nytt program frå dei. Denne gongen får me høyra eit knippe religiøse folketonar frå Vestlandet, samla inn av Olav Sande på slutten av 1800-talet. Sande reiste rundt på Vestlandet mellom Sogn og Lista, og samla inn både folketonar, segner og forteljingar. Programmet i Fitjar presenterer nokre av  dei tonane Sande samla, med sterke tekstar av Blix, Hovden og Støylen. Svein Tørnquist har arrangert desse tonane for mannskor, og han vil og seia litt om Olav Sande og bakgrunnen for arbeidet hans.

Me ønskjer hjarteleg velkomen til konsert, bed gjerne med deg ein ven og fyll opp kyrkja denne torsdagskvelden!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
onsdagar kl. 09.00-11.30, 
torsdagar kl. 09.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"