Temakveld 26. oktober kl. 19.30

Torsdag 26. oktober blir det temakveld med Johanne Ø. Tvedten, Fred Ola Bjørnstad og Ole Jørgen Furdal . Dei kjem med framsyninga "Misjonsliv" - Soga om Arne og Dorthea Valen.

Temakveld 26. oktober kl. 19.30

Kor langt strekkjer eit kall seg? Og kven sitt liv har du fyrst og fremst ansvar for? Dei du er sett til å tene, eller deg sjølv og ektemaken din? Dine eigne born eller andre sine born?  Slike dilemma skulle prega Arne og Dorthea Valen sine liv så lenge dei levde. Å vera misjonærpionerar på Madagaskar på slutten av attenhundretalet kravde både mot og innsats, og ikkje minst uthald. Arne og Dorthea Valen reiste ut med håp om å gjera ein stor innsats for gassarane, både med tanke på skule og utdanning, forkynning og etablering av nye kyrkjelydar. Men både politiske forhold og sjukdom gjorde gjerninga vanskeleg. Så kom dagen då dei måtte sende sine eigne born på internatskule i Norge. Kven skulle dei ta mest omsyn til?

Johanne Øvstebø Tvedten er formidlingsleiar ved Sunnhordland museum. Ho har laga forteljinga om familien Valen utifrå boka til Kolbein Espeseth «Eitt liv – mange soger», og har kalla framføringa «Misjonsliv».  Med seg har ho aktør og songar Fred Ola Bjørnstad i rolla som Arne Valen, og organist Ole Jørgen Furdal, som vil spela på det flotte, nye orgelet i Fitjar kyrkje. Framsyninga varer omlag 70 minutt.

Bilett ved inngangen, kr. 100

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
onsdagar kl. 09.00-11.30, 
torsdagar kl. 09.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"