Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

"Fitjar Ad hoc" på temakveld - torsdag 28. mars kl 19.30

Me ser fram til å høyra den lokale gruppa "Ad hoc" - med dugande musikarar - på temakvelden i Fitjar kyrkje - torsdag 28. mars kl 19.30! Bandet har spela saman i om lag 10 år, med litt skifte av mannskap undervegs. "Ad hoc" kjem frå latin og tyder "for dette høvet".

Dei har ikkje faste øvingskveldar, men øver når dei har oppdrag. På det meste har det gått bortimot eit år mellom samlingane. Dei er sporty og kastar seg rundt når dei får spørsmål om å syngja og spela. Dei siste åra har Osternes Mannskor nytta dei som husorkester til dei mange kabaretane.

«Ingen skal plassera oss i bås når det gjeld musikksjanger», seier Harald Rydland. «Me likar å spela mang slags musikk, for eksempel viser, jazz, folketonar, gospel, salmar og dansebandmusikk. Dei fleste av oss kan lite eller inkje om notar og musikkteori, men saksofonisten vår har heldigvis meir å bidra med her.»

På temakvelden i Fitjar kyrkje den 28. mars vert desse å høyra:
Gurid Refvik, song
Martin Hatlevik, song og gitar
Heine Helland, bassgitar og banjo
Ole Christian Ottestad, saksofon og tuba
Terje Træet, trommer
Harald Rydland, piano og trøorgel.

Musikk-valet på temakvelden vil spenna vidt. Dei lovar at ikkje noko av det dei framfører er ukristeleg. Dei som kjem, vil få høyra ei god blanding av viser, gospel, salmar, åndelege songar og folketonar. Dei vil og ha forsamlinga med på fleire allsongar.

Me ser fram til ein triveleg kveld med mykje speleglede i Fitjar kyrkje.

Inngangspengar kr. 100

Arrangør: temakveldgruppa

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Onsdag og Fredag  kl. 10.00-15.00

 

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"