Temakveld med Oskar Stein Bjørlykke

«Det er med stor glede me ynskjer Oskar Stein Bjørlykke velkomen til temakveld torsdag 31. august! For oss er det ekstra kjekt at me får dette til i Fitjar kyrkje sitt jubileumsår. Oskar Stein er rotekte fitjarbu, - han vart fødd her på Fitjar ei desembernatt i 1939. Og her budde han til han var 14-15 år.

Han gjekk på realskulen på Leirvik og på gymnas på Voss. I 1958 flytte familien til Ulsteinvik der faren var prest fram til 1973. Alt medan han studerte teologi, starta han å skriva. Den fyrste boka gav han ut i 1966, og etter det har det vorte mange bøker.

Temaet denne gongen er «Stjerneskot og minneglimt». Det er eit program der han vil fortelja og lesa frå eigne bøker. Nokre tekstar er prega av humor, og litt av det er på Fitjar-dialekt. I andre tekstar kjem alvoret meir fram. Mange av tekstane handlar om korleis me ter oss og korleis me er overfor kvarandre. I nokre dikt og stykke er born aktørar - eller det dreiar seg om kommunikasjon mellom born og vaksne. Det er òg bøner, eller tekstar som er ein slags meditasjon. I tillegg til Oskar Stein vert den dyktige gitaristen Per Olav Kobberstad med oss denne kvelden. Velkomne til eit møte med ein var og varm forfattar og ein dyktig musikar!»

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Onsdag, Torsdag, Fredag  kl. 09-15.00

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no