- Det første orgelet i Fitjar kyrkje vart kjøpt i 1895. Det hadde 7 stemmer og 405 piper.
- I 1935 vart orgelet bygd om og utvida frå 7 til 12 stemmer.
- Atter ein gong vart orgelet bygd om og utvida i 1969. Instrumentet fekk 16 stemmer - mykje av dei gamle stemmene vart brukt om att.
Orgelet er både klangleg og teknisk svært mangelfull.
Fitjar har eit levande og sterkt kulturliv der song og musikk alltid har stått sentralt. Det er høge deltakartal ved gudstenester og andre kyrkjelege arrangement. Trongen for eit nytt orgel er difor stor.