Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Viktige skjema

Her kan de laste ned naudsynte skjema for å gjennomføre ein vigsel i Den norske kyrkja.

Både brud og brudgom skal fylle ut skjemaet Erklæring frå brudefolka før prøving av ekteskapsvilkåra. Ved namneendring skal det sendast Meldingsskjema for namneendring til folkeregisteret. Forloverane fyller ut Forlovarerklæring. Dei som skal gifte seg i utlandet må ordne papirane i Norge. Naudsynte skjema kan skaffast hjå Folkeregisteret.

Det er Folkeregisteret som undersøkjer om dei som vil gifte seg oppfyller vilkåra for ekteskap. Dette kan ikkje vigselspersonane gjere. Prøvingsattesten frå Folkeregisteret vert sendt til bustadsadressa til ein av brudefolka. Attesten skal leverast til den som skal utføre vigselen. Den kan også sendast direkte til vigslaren viss denne adressa er nemnt. Attesten er gyldig i fire månader.

Tidlegare ekteskap
Dersom nokon av brudefolka har vore gift tidligare, og folkeregisteret ikkje har registret skilsmisse eller dødsfall, må personen legge fram bevis for at ekteskapet er slutt. Utenlandsk skilsmissebevilgning eller dom må fyrst verte godkjend av Fylkesmannen. Den som har vore gift, og som levde i formuefellesskap då ekteskapet tok slutt, må i einskilde tilfelle ha erklæring frå tidligare ektefelle om status i skiftet.

Utenlandske statsborgarar
Ein utenlandsk statsborgar som ikkje er fast busatt i Norge må framlegge attest frå offentlege myndigheiter i heimlandet som beviser at det ikkje er noko til hinder for at det vert inngått ekteskap. I tillegg er det naudsynt med dokumentasjon på opphaldsløyve viss ein ikkje allereie har arbeidsløyve, oppholdslæyve eller busettingsløyve.

Vigselsattest
Vigselspersonen meldar vigselen til Folkeregisteret, som utsteder vigselsattest. Brudefolka kan få med seg ein stempla melding om vigsel frå vigselspersonen. Denne gjeld som mellombels attest og kan vere naudsynt ved bryllupsreise i utlandet rett etter vigselen.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Onsdag, Torsdag, Fredag  kl. 09-15.00

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no