Tid for tru

Fem torsdagar frå november til mars vert det ein serie samlingar på Ljosheim i Dale og i Askvoll kyrkje. Samlingane er for alle, og det gjennomgåande temaet er Truvedkjenninga. Opplegget er eit samarbeid i regi av Fjaler sokn og Askvoll sokn. Samlingane høver både for enkeltpersonar, men det er òg lagt til rette for at grupper og foreningar kan delta saman. Det kostar ikkje noko å delta, og alle er velkomne – også til enkeltståande samlingar. Størst utbyte får ein likevel om ein følgjer med frå samling til samling.

Tid for tru

Kurskvelden inneheld undervisning, høve til spørsmål og samtale, og enkel servering. Samlingane avsluttast med kort oppsummering i plenum.

Sokneprest Audun Systad i Hyllestad vil ta ansvar for undervisningsdelen. Han har erfaring frå liknande kurs i Balestrand og Hyllestad.

Alle hjarteleg velkomne! Ta kontakt viss du treng skyss.

Samlingane er torsdagar kl. 19.00 – 21.15:

Torsdag 4. november Dale
«Kan eg tru – når eg tvilar?»

Torsdag 2. desember Askvoll
«Eg trur på Gud Fader» - Skaparen

Torsdag 20. januar Dale
«Eg trur på Jesus Kristus» - Frelsaren

Torsdag 10. februar Dale (obs!)
«Eg trur på Den Heilage Ande» - Livgjevaren.

Torsdag 17. mars Askvoll (obs!)
«Kva gjer dei kristne når dei trur?» - Det kristne livet.


Spørsmål? Meir informasjon?
Kontakt sokneprest i Fjaler Knut Arne Kummeneje på tlf 90855230, eller sokneprest i Askvoll Kjell O. H. Nordheim på tlf 48243056.

Påmelding:
I samband med enkel servering er det ei god hjelp om ein kan melde frå seinast ein dag før om ein vil delta. Like fullt er det mogeleg å møte opp uanmeldt, eller delta på nokre av kveldane. Påmelding til kyrkjekontoret på telefon 57739770 eller epost til kyrkjesekreter@fjaler.kyrkja.no.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"