Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

T4 - Kyrkjeboka mi

Velkomen til å få den flotte "Kyrkjeboka" på gudstenesta i di lokale kyrkje. Søndag 17. februar er det «T4 familiegudsteneste» i alle dei tre kyrkjene våre. Det blir utdeling av «Mi eiga kyrkjebok» til dei som er fødde i fyrste halvår av 2015. Etterpå blir det deilig kyrkjekaffi. Velkomen med heile familien!

Kjære fireåring! Tenk at du fyller fire år dette året! Det er kanskje også fire år sidan du vart døypt. Det vil vi feire saman med deg i ei familiegudsteneste på T4-dagen. Da skal du få di eiga 4-årsbok med forteljingar om Jesus, fine teikningar, songar og bøner. Ta gjerne med deg familie og fadrar. Kom til den kyrkja som er nærast, eller som er «di».

I gudstenesta vil de få høyre meir om søndagsskuletilbodet og andre tilbod til barnefamiliar i våre kyrkjer og bedehus. I samband med gudstenesta  vert det kyrkjesaft, kaffi og songstund. Møt seinast kl. 10.30, slik at vi kan skrive namnet ditt i boka du skal få.

T4-dagen er open for alle, hugs å melde frå om særskilde behov. Lenke til påmelding finn du nedst på denne sida.

Ta med T4-helsinga som du har fått i posten, og T-dagsmappa di, viss du har!

Velkomen til ei fin gudsteneste!

Kontaktinformasjon for Trusopplæringa i Fjell, Foldnes og Landro sokn

Besøk oss på Temahuset!

Tytebærbrekko 2, Straume

Opent kvardagar 9-15

Postboks 184

5342 STRAUME

Telefon: 55 09 74 40

NO 976 995 201 MVA

Kontonummer: 8580.14.09453

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"