Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

T8 - Lat oss be

Kva er eigentleg bøn? Kvifor ber vi? Korleis ber vi? Laurdag 16. februar kl 13-17 er det T8-dag i Foldnes kyrkje. DU og heile familien din er invitert til ein spanande og annleis dag som handlar om «tru i heimen».

Dersom du kunne ha snakka med Gud, kva ville du ha spurt han om? Visste du at bøn faktisk er å samtale med Gud? Vi kan kome til Gud med spørsmåla og bønene våre både når vi er glade, takknemlege, redde og bekymra. Gud høyrer oss!

Vi skal lære meir om «Herrens bøn», og saman skal vi undre, lage, ete, leike, syngje og lære. Alt det vi gjer saman på T8- dagen, kan familien også gjere heime. Slik kan vi alle få oppleve at Gud er til stades der vi er, og at han høyrer og ser oss og vil oss vel, kvar einaste dag.

 

Program:

  • 13.00: Registrering
  • Svisj
  • Formingsoppgåve
  • «Vandring» i kyrkjerommet, med heile familien
  • 15.30: Varmt måltid
  • Formingsoppgåve II
  • 16.30: Avslutning i kyrkjerommet

Pris: Kr 50 per T8-born, kr 20 per person utover dette.
Vi oppfordrar sterkt heile familien til å bli med på denne T-dagen!

Ta med T-dagsmappa viss du har.

Håper å sjå deg på T8-dagen i Foldnes kyrkje!

Kontaktinformasjon for Trusopplæringa i Fjell, Foldnes og Landro sokn

Besøk oss på Temahuset!

Tytebærbrekko 2, Straume

Opent kvardagar 9-15

Postboks 184

5342 STRAUME

Telefon: 55 09 74 40

NO 976 995 201 MVA

Kontonummer: 8580.14.09453

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"