Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Babysong

Som ein del av trusopplæringa i Den norske kyrkja i Fjell tilbyr kyrkja T1 Babysong.

Alle samlingane er måndag føremiddag, og vi rullerer mellom Fjell, Foldnes og Landro kyrkje. De vel sjølv kva månad de vil kome, men vi rår dykk til å ikkje vente for lenge. Både foreldre og barn vil ha størst utbytte av opplegget dersom barnet ikkje er meir enn 4-5 månader når de kjem.

Samlinga startar kl. 10.30 og varar til ca. 12.30. Halvvegs i samlinga serverer vi lunsj.

På samlingane vil de få friska opp songar de hugsar frå dykkar eigen barndom, og lære mange nye. De vil få tips om korleis de kan bruke song og musikk i kvardagen med barna dykkar, og de vil få råd om korleis de kan gje barnet trusopplæring gjennom song og musikk.

Kvifor er babysong viktig?

  • Gjennom rytme, song og musikk blir heile mennesket engasjert, uavhengig av alder.
  • Ein treff andre foreldre/føresette i same situasjon, og ein får knytte nye kontaktar.
  • Song og musikk skapar gode augneblink saman med barnet i kvardagen.

Velkomen til T1 Babysong!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"