Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Treng du nokon å snakka med?

- Vi kan tilby eit medmenneske. I Fjell driv vi eit aktivit lokalt arbeid innanfor omsorg og samtale. Vi tilbyr sorggruppe og personleg samtale.

I periodar i livet kjenner vi på utfordringar og vanskar som det kunne vore godt å snakke med nokon om. Det kan vera utfordringar i kvardagslivet ditt eller det kan vera at du strevar med spørsmål om tvil og tru. Vener og familie er ofte dei vi tenkjer kan vera oss til hjelp når livet er strevsamt, men einskilde ting kan det vera lettar å snakke opent om med framande. Det kan og vera at du er sjuk og ikkje kjem deg ut av huset og kjenner på saknet etter å vera saman med andre truande og å dele nattverden.

Prestane og diakonen har både utdanning og erfaring i det å snakke med menneske i ulike livssituasjonar og vi vil gjerne vera ein samtalepartnar om du kan bruke oss.

Dei som oppsøkjer oss er alle i ulike aldrar, livsfasar og -situasjonar. Ingen menneske er like, og behova er og ulike. Vi møter deg med respekt for den du er. Det viktigaste skillet mellom vår teneste og eit offentleg hjelpeapparat er at vi kan om du vil  ivareta den åndelege dimensjonen og snakka med deg om tru og tvil. Mange opplever det vanskeleg å ta opp slikt med offentleg hjelpeapparat og mange tilsette i offentleg hjelpeapparat opplever det vanskeleg å snakka om når ein tek slike spørsmål opp.

Kvar torsdag mellom kl. 13.00 – 15.00 sit ein av prestane eller diakonen på kyrkjebenken på Sartor Storsenter. Her kan ein koma for ein kopp kaffi og for å slå av ein prat. Dette er ein stad ein kan koma med spørsmål, lufte tankar om livet, trua eller rett og slett bare slå av ein prat om heilt daglegdagse ting. Alle er velkomne innom kyrkjebenken for ein prat.

Våre tiltak er gratis, og dei vil vere i staden for eller i tillegg til offentleg hjelpeapparat. Alle våre tilsette har teieplikt. Avtale om samtale kan gjerast ved at du tar kontakt direkte eller at du tar kontakt med kyrkjekontoret.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"