Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Sorggruppe

Sorg er noko dei fleste av oss vil oppleve ein eller annan gong i livet. Dette er ein naturleg reaksjon på at vi mistar noko som har stått oss nær og som har vore viktige for oss. Når ein opplever sorg treng ein nokon å snakke med om det ein kjenner på og tankar ein strevar med.

Kvar einskild reagerer på sin måte når ein sørgjer og det må vera rom for at ein reagerer forskjellig. I ein familie som sørgjer reagerer ein som sagt forskjellig, og det er ofte slik at ein forsøkjer å verna om dei andre i familien og difor legg band på sine eigne reaksjonar.

Det kan difor av og til kan det vera godt å snakke med nokon som ikkje som står utanfor og ikkje er ramma av sorga på same måte som ein sjølv. Nokon opplever og at det er godt å snakke med andre som har opplevd ei liknande sorg som ein sjølv.

Vi som arbeider i kyrkja i Fjell ønskjer å gje deg, som har opplevd sorg, eit tilbod om samtale dersom du ønskjer det. Der kan du snakke utan «filter» og vi vil gjerne vera ein samtalepartnar for deg i ei vanskeleg tid.

Kvar haust vert alle som har opplevd sorg invitert til å vera med i sorggruppe. Dette er ei sjølvhjelpsgruppe der menneske som har opplevd sorg deler av sine erfaringar om det å leve med sorg.

Gjennom å dele erfaringar hjelper ein kvarandre til å finne vegen tilbake til kvardagen og korleis leve vidare med det tapet ein har opplevd. Vi forsøkjer å sette saman gruppene slik at dei som har opplevd liknande tap kjem i same gruppe.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"